z 6djxeamdk

Sogn og Fjordane fylkeskommune

Fylkestinget vil ikkje flytte endestoppen på Sognebåten

Rutetilbodet mellom Flåm og nordsida av Sognefjorden var til drøfting i fylkestinget 12. juni. Politikarane gjekk mot å utvida sesongen for ruta mellom Flåm og Balestrand og å flytta endestoppen for Sognebåten til Flåm.

Samferdsleavdelinga i fylkeskommunen har greidd ut at det å flytta endestoppen for Sognebåten frå Sogndal til Flåm ville ha ført til auka kostnader på om lag 4 millionar kroner. Å utvida rutetilbodet mellom Flåm og Balestrand i sommarsesongen frå 8 til 12 veker ville ha kosta om lag 2,5 millionar kroner. Det ville difor medføre reduksjonar i rutetilbodet andre stader i fylket dersom det ikkje vart tilført meir midlar til kollektivtrafikken.

Fylkestinget gjorde slikt vedtak:

  1. Sognebåten held fram som i dag, med endestopp i Sogndal.
  2. Rutetilbodet mellom Flåm og Balestrand vert ikkje styrka, jf. saksframstillinga.

Saksdokument til møtet i fylkestinget 12. og 13. juni finn du her.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut
Tip a friendTips ein ven