Illustrasjonsfoto, tre jenter sit i ein sofa og peikar på ein berbar dataskjerm

Foto: John Schobrich/Unsplash

Strøymer sosiale media-kurs for bedrifter

Tysdag 15. mai arrangerer Driftig.no eit gratis kurs i digital marknadsføring for bedrifter i Sogn og Fjordane. Du kan sjå kurset direkte på din eigen skjerm.

– Vi veit at det er mange der ute som gjerne vil, men som av ulike grunner ikkje har tid til å delta på kurs. No skal det i alle fall ikkje vere reiseveg og tidspunkt som skal vere stopparen for deltaking, smiler Ingvild Andersen i Driftig.no.

Tema for kurset tysdag 15. mai er bruk av sosiale media i marknadsføring, eit tema mange verksemder etterspør kunnskap om. Kursleiar er Linda Kragseth, leiar for digital marketing i Keyteq

– Kurset er retta mot små bedrifter og gründerar, men alle kan delta, seier Ingvild Andersen.

Slik får du med deg kurset

Klikk her for å sjå kurset direkte frå kl 1630.

Du kan melde deg på kurset på driftig.no fram til kl 16. Påmelding er ønskjeleg, men ikkje obligatorisk viss du skal sjå kurset på nett.

Du kan òg få med deg kurset på Hotel Sognefjord i Leirvik. Då må du melde deg på.

​Program

Del 1
• Generelt om Facebook og Instagram
• Kva påverkar feeden til brukarane
• Tips og triks når du produserer innhald for dei ulike kanalane

Del 2
• Annonsering på Facebook og Instagram
• Ulike segmenteringsmoglegheiter
• Ulike annonseformat
• Budsjettering

Del 3
• Måling og analyse
• Planlegging av arbeid
• Konkurransar på Facebook - kva er lov og ikkje

 

For meir informasjon
Ingvild Andersen
rådgjevar, nærings- og kulturavdelinga
Ingvild.Andersen@sfj.no
Tlf. 57 63 80 39

 

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut
Tip a friendTips ein ven