Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00
Rune Nedregaard i Statoil.
140 deltok på årets Vekst i Vest
Petroleumskonferansen Vekst i Vest samla 16. november 2017 om lag 140 deltakarar på Flora samfunnshus.
Programmet omfatta fleire aktuelle utbyggingsprosjekt i den nordlege Nordsjøen utanfor Sogn og Fjordane. Vekst i Vest har utvikla seg til å bli ein viktig nettverksarena for dei som ønskjer å oppdatere seg på kva som skjer i petroleumsbransjen.
Viktig å syne att på land
Fylkesordførar Jenny Følling deltok på konferansen. Ho la i innlegget sitt vekt på at fylkeskommunen heiar på næringa, men at det er forventningar til aktivitet, og at det å syne att på land er viktig for støtte hjå folket.
Ho viste vidare til at Sogn og Fjordane har tilgang på areal, erfaring og gode og kreative leverandørar. Kort avstand til felta er på si side viktig for gode løysingar vurdert opp mot både økonomi, miljø og tryggleik.
Aktuelle prosjekt
Fleire selskap orienterte om planane sine utanfor kysten av Sogn og Fjordane:
- Gitt endeleg investeringsavgjerd, vil plan for utbygging og drift (PUD) av Snorre Expansion Project (SEP) bli levert før jul.
- Wintershall vil som operatør for Skarfjell truleg levere PUD i februar 2018.
- Engie vil utvikle det svært oppløftande Carafunnet på Gjøafeltet og ser føre seg at funnet kan kome i drift alt i 2020.
Også Shell ser positivt på å utvide driftstida for Knarr, men viser samstundes til at det er viktig å få fram tilleggsressursar gjennom eigne funn eller samarbeid med tredjepart (der Garantianafunnet til Total er særleg aktuelt) i løpet av dei næraste åra.
Fylkeskommunen har gitt fråsegn til konskvensutgreiing og -program for SEP, Skarfjell og Garantiana
Presentasjonar frå konferansen
- Leverandørutvikling, ved Maritim Forening Sogn og Fjordane
- Flora kommune, Kinn frå 2020, ved ordførar Ola Teigen
- Saman om miljøoptimalisering, Wergeland og Hellesnes
- Petroleumsrådet – ambisjonar og forventningar, fylkesordførar Jenny Følling
- Skarfjell – Spanande utbygging, Wintershall
- Knarr – moglegheiter og utfordringar, Shell
- Grønn logistikk, Statoil
- New possibilities in the Gjøa-area, Engie
Lista med presentasjonar vert oppdatert etter kvart som vi får tilsendt presentasjonane.
Fylkesdirektør

Jan Heggheim
fylkesdirektør for næring og kultur
jan.heggheim@sfj.no
905 66 623
Endre Høgalmen
assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
Endre.Hogalmen@sfj.no
952 07 789