thpvygux 76

Ordførar Jan Geir Solheim held tale i samband med dagsturhytta. Foto: Jan Christian Jerving

Opning av dagsturhytta i Lærdal

Dagsturhytta på Mjølkeflaten i Lærdal vart formelt opna fredag 30. november. Dette vart markert med seremoniell klypping av snor, samt musikkinnslag og talar. Aleksander Øren Heen stod for helsinga frå fylkeskommunen. 

Gratulerer med dagen alle i Lærdal, gratulerer med dagen Sogn og Fjordane – gratulerer med ny dagsturhytte med nynorsk turbibliotek!

Dagsturhytta i Lærdal er den fjerde hytta som vert formelt opna, men heile 15 av 26 dagsturhytter er allereie på plass. Hyttene er opne heile året og er både di og mi – ​alle eig ein del av denne. 

Fylkeskommunen sin ide

Det heile starta som ein forsiktig ide våren 2016 av rådgjevar for fysisk aktivitet og idrett, Atle Skrede. Målet med konseptet er å skape ein sosial møteplass i naturen nær der folk bur, kan brukast av skular og barnehagar i undervisninga og stimulere fleire til å bruke naturen. Hyttene skal ha ei enkel utforming, utan oppvarming, vere ein plass å søke ly for ver og vind, ete nista, ta eit klebyte og kanskje vere ein attraksjon i seg sjølv.

Lokale hytter, regionalt prosjekt, nasjonal og internasjonal merksemd

Eit anna viktig mål med dagsturhyttene er at dei skal forsterke stoltheita over eigen heimstad og bygge identitet for heile fylket ettersom alle kommunar i Sogn og Fjordane får ei slik hytte.

Hytta er teikna av Rojo Arkitekter As i Trondheim, bygd av Reknes Byggjevarer L/L , eigd av Lærdal kommune og drifta av Lærdal Turlag. Dette viser samarbeid på tvers.

Konseptet har fått stor merksemd både nasjonalt og internasjonalt, der 20 arkitektfirma frå både Danmark, Finland og Ungarn leverte forslag til utforming. Konseptet har ein investeringsverdi på 32 millionar, viktig for reiselivet og ikkje minst folkehelsa. I Gloppen har hytta stått i eit år og har hatt 26 000 besøkjande.

Samarbeidsprosjekt

Takk til Sparebanken Sogn og Fjordane som har støtta prosjektet, velvilje frå Lærdal kommune og andre bidragsytarar. 

Då står det berre att å be alle ta vare på hytta og rydd etter seg kvar gong du forlet den.

– Aleksander Øren Heen, fylkestingsrepresentant i Sogn og Fjordane fylkeskommune

 

 

taflyqtkzv
Skuleelevane Melena Elena Theodora Mo og Per Husdal fekk æra av å klyppe snora på dagsturhytta. Foto: Jan Christian Jerving
lb 2slpy 2bs
Mange tok turen til opninga av dagsturhytta i Lærdal, fredag 30. november 2018. Foto: Jan Christian Jerving
ndgzreyk 8b
Det er god utsikt over Lærdalsøyri frå dagsturhytta på Mjølkeflaten. Foto: Jan Christian Jerving
qzzryc 2sxe
Frå venstre: Aleksander Ø. Heen, ordførar Jan Geir Solheim, Magne Grøttebø, Torunn Liltved og Rolf Engløkk.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut