Foto: Photoevent
Foto: Photoevent

Foto: Photoevent Photoevent

Anbod

Heile kollektivtilbodet i Sogn og Fjordane er drifta etter anbodskonkurransar.

Fylkeskommunale bussruter

Drift av bussrutene i Nordfjord vart lyst ut på anbod i 2012. Firda Billag vann anbodskonkurransen, og dei tok over drifta i juni 2014.

Drift av bussrutene i Sunnfjord vart lyst ut på anbod vinteren 2014/2015. Firda Billag vann anbodskonkurransen og starta anbodskøyring i dette området juni 2016.

Bussrutene i Sogn vart lyst ut på anbod vinteren 2015/2016. Tide Buss vann anbodskonkurransen og starta anbodskøyringa juni 2017.

Kontraktane i Nordfjord og Sunnfjord har ei varigheit på åtte år med mogelegheit for forlenging med inntil to år.

Fylkesvegferjer

På vegne av fylkeskommunen gjennomfører Statens Vegvesen anbodskonkurransar på ferjesambanda på fylkesvegnettet. Fylkeskommunen teikna hausten 2015 kontrakt med reiarlaget Fjord1 på drift av desse sambanda ut 2025, med mogelegheit for å forlenging med inntil to år:

Måløy – Oldeide
Stårheim – Isane
Rysjedalsvika – Rutledal – Krakhella
Askvoll – Gjervik – Fure - Værlandet

Reiarlaget Wergeland driftar kabelferjesambandet Mjånes – Hisarøy. Kontrakten på dette sambandet går ut april 2023, med opsjon på forlenging med inntil fem år.

Sambandet Daløy – Haldorsneset vert i 2019 drifta av Fjord1. 

Fylkeskommunale båtruter

Sogn og Fjordane fylkeskommune har gjennomført anbodskonkurransar på alle dei fylkeskommunale båtrutene.

Reiarlaget Norled skal i perioden fram til 2022 drifte ekspressbåtrutene mellom Sogn/Nordfjord og Bergen.

Fylkeskommunen har kontrakt med Fjord1 på å drifte dei lokale båtrutene fram til 2020, med opsjon på inntil to år.

Fylkeskommunen har starta arbeidet med førebuing til anbodskonkurranse for vidare drift av hurtigbåt og lokale båtruter, gjeldande frå 2022. For meir informasjon om dette, sjå her.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Øystein Hunvik
Assisterande fylkesdirektør
oystein.hunvik@sfj.no
477 00 466

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Dina Lefdal

Dina Lefdal

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
Askedalen 2
6863 Leikanger

57 63 80 00
post@sfj.no