Behov
I alle innkjøpsprosessar er det viktig å tenkje nøye gjennom kva behov vi har – kva treng vi?
Korleis definere behovet?
Tenk over
- kva treng du eigentleg? Kva er minstekravet?
- kan behovet dekkast på andre måtar anna enn å kjøpe inn?
- finst det ein rammeavtale som dekker behovet?
- er behovet gjentagande?
- finn ut kor mykje de har brukt på tilsvarande tidlegare
- er kjøpet du planlegger innan eit definert risikoområde for sosial dumping,menneskerettar eller miljø/klima?
- Finst det potensiale for innovasjon eller anna nytenking innan feltet der du vil gjere eit innkjøp?
- Finst det potensiale for miljø-/klimavinstar innan for det kjøpet du planleggar? Er et moglegheit for å redusere bruk av plast/emballasje i kjøpet?
- Er det behov for lærlingar i den bransjen du planlegger kjøpet ditt?
Miljø
Ved å konsentrere deg om det reelle behovet, i staden for løysingar, opnar du opp for andre løysingar som kan vere både rimelegare og mindre miljøbelastande. Sjå anskaffingar.no sine nettsider om miljøbevisste innkjøp.
For fylkeskommunale tilsette:
-
Ta kontakt med innkjøpstenesta dersom du treng hjelp til å vurdere noko av dette
-
Husk å melde frå til innkjøpstenesta så tidleg som mogleg etter eit behov har oppstått slik at vi kan bidra til gode anskaffingsfaglege vurderingar.
-
I samband med budsjettprosessen kvart år blir det bede om at einingane melder inn innkjøpsbehov
-
Nokre kjøp skal politisk handsamast, sjå delegeringsreglement for å vurdere dette