Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00
Foto: Birthe Johanne Finstad/Sogn og Fjordane fylkeskommune
Gründerpris for ungdom
Gründerprisen er ein årleg pris som skal stimulere unge menneske i Sogn og Fjordane til å etablere nye verksemder og skape nye arbeidsplassar i fylket. Prisen er på 50 000 kroner.
Gründerprisen for 2019 skal delast ut under møte i fylkestinget 24. april. Du kan no føreslå kandidatar.
Kriterium
Aktuelle kandidatar må vere mellom 18 og 35 år og busett i Sogn og Fjordane. Verksemda må vere etablert i løpet av dei siste fem åra, og må vere lokalisert i fylket.
Nyetableringa skal ha eit tydeleg forretningspotensiale. Eksempel kan vere:
- Omsetnad
- Arbeidsplassar
- Offensiv nyskaping
- Teknologisk nyskapande produkt
- Kommersiell innretting av produkt
- Utnytting av nisjar både nasjonalt og internasjonalt
- Funksjon av produkt, nytteverdi og marknadspotensial
- Utnytting av forretningspotensial og marknadsføring
- Utnytting av lokale ressursar og ringverknader i lokalsamfunnet
- Kompetanse hjå kandidaten (både formell og uformell)
- Ekstra vekt på marginale samfunn i fylket og på etablering av kvinnelege arbeidsplassar
Juryen for prisen er samansett av representantar frå Innovasjon Norge, NHO, fylkesmannen og fylkeskommunen i Sogn og Fjordane.
Jury
- Sigrid Alice Hovland, Innovasjon Norge
- Magnus Brekke Nygaard, NHO Vestlandet
- Randi Erdal, Fylkesmannen i Vestland
- Ingvild Andersen, Sogn og Fjordane fylkeskommune
Tidlegare vinnarar
2017 Elde Cosmetics
2016 REMB Technologies
2015 SGN Skies
2014 Sogndal Lodge Guiding
2013 Back to Start
2012 Yast, nLink og Rocketfarm
2011 Videonor
2010 LocalHost
2009 AskAdam
2008 Stadt Surf School
2007 Moods of Norway
2006 Byks
Fylkesdirektør

Jan Heggheim
fylkesdirektør for næring og kultur
jan.heggheim@sfj.no
905 66 623
Endre Høgalmen
assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
Endre.Hogalmen@sfj.no
952 07 789