Dette skjer med sfj.no, hordaland.no og vlfk.no
Når Sogn og Fjordane og Hordaland går saman til Vestland fylkeskommune ved nyttår, får vi nye nettsider for Vestland fylkeskommune.
1. januar lanserer vi ein heilt ny nettstad for Vestland: www.vestlandfylke.no.
Dei gamle sidene www.sfj.no og www.hordaland.no lever vidare ei stund før vi tek dei ned. Dette er fordi vi ikkje vil få på plass alle tenester på dei nye sidene frå start. Vi vil få dei over fortløpande like over nyåret.
Vi avviklar den førebelse nettsida om samanslåingsprosessen, vlfk.no, 30. desember. Nettadressa vlfk.no skal brukast som kortadresse for den nye nettstaden. Alt innhald som ligg på dagens vlfk.no vil du finne på adressa gamle.vlfk.no i ein periode frå nyttår.
Skulesidene
Nettsidene til alle dei vidaregåande skulane vil halde fram på same nettadresse som før, men vil få oppdatert logo. I løpet av våren kjem fylkeskommunen til å starte eit nytt prosjekt for å få på plass heilt nye nettsider for skulane.
Skyss og Kringom
Nettsidene til kollektiveiningane skyss.no og kringom.no held fram som før inntil vidare.
Facebooksidene til Hordaland og Sogn og Fjordane blir ikkje sletta, men vi kjem til å stengje for nye meldingar, kommentarar og innlegg, og vi kjem heller ikkje til å publisere nytt innhald. Du kan følgje Vestland på facebook.com/vestlandfylke
Takk for følgjet!
Informasjonstenesta i Sogn og Fjordane fylkeskommune takkar alle som har følgt oss her og ser fram til å halde fram med å gje deg gode nyheiter frå det nye fylket.