Illustrasjonsfoto: Shutterstock
Folkehelseoversikt
Alle kommunar skal ha naudsynt oversikt over helsetilstanden i befolkninga, og dei positive og negative faktorane som har innverknad på denne. Dette går fram av Folkehelselova.
Oversikta skal mellom anna baserast på kunnskap fylkeskommunen gjer tilgjengeleg. Sogn og Fjordane fylkeskommune har, i samarbeid med Folkehelseinstituttet, gjennomført ein Fylkeshelseundersøking våren 2019. Resultata frå denne undersøkinga er eit godt kunnskapsgrunnlag for kommunane å nytte i arbeidet med folkehelseoversikt.
Folkehelseoversikta skal identifisere folkehelseutfordringar i kommunen, og i tillegg inkludere konsekvensar og årsaksforhold.
Slik får du eit godt oversiktsdokument
For å få eit godt oversiktsdokument på ein vurdere all informasjon, og vere særskilt merksam på trekk ved utviklinga som kan skape, eller halde ved like, sosiale eller helsemessige problem. Sikre at planlegging og tiltak er kunnskapsbasert. Følg utviklinga over tid og vurder effekten av tiltak som blir sett i verk. Kjernespørsmål i desse vurderingane er:
- Kvifor har situasjonen oppstått og kor viktig er den for helsa til befolkninga?
- Kva kan vere konsekvensane av å ikkje gjere noko?
- Er det særskilte samfunnstrekk som har skapt situasjonen?
- Kan utviklinga føre til sosiale helseforskjellar?
Ta stilling til kva kommunen har behov for å vite noko om. Hald fokus på kva som trengst av informasjon, framfor kva som finst av informasjon.
Som kjelder til arbeidet kan du bruke statistikk, og lokale erfaringar. Klare data skal ha større vekt enn skjønsmessige vurderingar. Fagpersonar og organisasjonar i kommunen kan og vere gode kjelder til arbeidet.
Kommunane kan òg nytte Helsedirektoratet sine hjelpesider for rettleiing i lokalt folkehelsearbeid.
Oversiktsdokumentet skal utarbeidast etter Forskrift om oversikt over folkehelsa, og innehalde følgjande punkt:
- befolkningssamansetnad
- oppvekst- og levekårsforhold
- fysisk, biologisk, kjemisk og sosialt miljø
- skadar og ulykker
- helserelatert åtferd
- helsetilstand
Folkehelseoversikt for Vestland 2019–2023
Utfordringsbiletet i den nye rapporten «Vestland – folkehelseoversikt 2019-2023» viser at samfunnsplanlegginga kan bli krevjande i åra som kjem. Folkehelseversikta er eit viktig dokument for politikarane i fylket og kommunane, når dei skal planlegge den neste fireårsperioden.
Fylkesdirektør

Jan Heggheim
fylkesdirektør for næring og kultur
jan.heggheim@sfj.no
905 66 623
Ingebjørg Erikstad
assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941