Eric Sadorge
Forbruk
TEMAMÅL: Gjennom eit endra og redusert forbruk bidreg Sogn og Fjordane til utsleppsreduksjon og klimaomstilling i samfunnet.
Hovudutfordringa innan forbruk er å endre forbruksmønsteret til innbyggjarane i fylket, inkludert både innkjøp, forbruk og avfall.
Vårt forbruksmønster inkluderer innkjøpa våre, forbruk og avfallsvaner, samt kva, kor mykje og korleis vi forbrukar. Det er i prinsippet tre måtar forbruket kan endrast på, forbruket kan effektivisast, substituerast eller reduserast.
Med utgangspunkt i tankegangen om eit nasjonalregnskap finst det tre typar forbrukarar: Det offentlige, private hushald og frivillige organisasjonar. Private bedrifter sitt «forbruk» vert rekna som innsatsvarer som inngår i produktet/tenesta, som så vert brukt av ein av de tre forbrukargruppene. Private verksemder har eit viktig bidrag på forbruksvolumet gjennom produksjonsprosesser og bruk av innsatsvarer.
Med utgangspunkt i status og utviklingstrekk har vi identifisert fem utfordringar innan forbruk:
- Effektivisering, substituering eller redusering av forbruk.
- Innbyggjarane sitt støste klimafotavtrykk kjem frå «Biff, Bil og Bustad».
- Forbruk i offentleg verksemd som føredøme.
- Investor sin kompetanse til å stille gode miljøkrav.
- Ulik handtering av avfall i fylket.
Plansjef

Synnøve Stalheim
Synnove.Stalheim@sfj.no
57 63 81 13
478 97 260