Den freda futegarden Alværn i Lavik.
Freda kulturminne i privat eige, kulturmiljø og kulturlandskap
Tilskot til istandsetjing av bygningar og anlegg i privat eige som er freda etter kulturminnelova, fredakulturmiljø og særlege verdifulle kulturlandskap.
Kven kan søkje
- Private eigarar og forvaltarar av freda eller spesielt verneverdige kulturminne og kulturmiljø som er typiske for liv og verksemd langs kysten.
- Private eigarar og forvaltarar av dei ni freda kulturmiljøa, samt andre særleg verdifulle kulturmiljø og landskap.
Korleis søkjer du?
Du sender søknaden til Sogn og Fjordane fylkeskommune anten på e-post til post@sfj.no eller som brev til Sogn og Fjordane fylkeskommune, Askedalen 2, 6863 Leikanger.
I emnefeltet/overskrifta i e-posten/brevet skriv du: "NAMN PÅ KULTURMINNE/BYGNING – søknad om tilskot frå statsbudsjettet 2020 kap. 1429 post 71"
Søknadsfristen for 2020 er 1. desember 2019.
Retningsliner
Råd og rettleiing i samband med søknad
Kvar søknad kan handle om ein bygning. Du kan søkje om tilskot til fleire bygningar, men då må du sende inn ein søknad pr. bygning.
Søknad om tilskot skal innehalde
- namn på kulturminne, samt Askeladden-id. (Ta kontakt med arlen.synnove.bidne@sfj.no dersom du manglar dette.)
- namn og kontaktperson på søkjar
- informasjon om du ynskjer at søknaden om tilskot også skal handsamast som søknad om dispensasjon frå vedtak om freding
- skildring av skaden som skal utbetrast
- skildring av korleis istandsetjinga skal gjennomførast
- budsjett for arbeidet som skal gjerast
- finansieringsplan for istandsetjinga
- fyljande vedlegg:
- Foto som syner skaden som skal setjast i stand. Her der det viktig at du legg med både oversiktsbilete som syner skaden på bygningen og detaljfoto
- Kostnadsoverslag frå handverkar
- Fullmakt frå eigar dersom søkjar er ein annan enn eigar. Der det er fleire eigarar av bygningen, må det leggast med fullmakt frå dei andre eigarane
Finansieringsordning
Tilskot frå Statsbudsjettet kap. 1429 post 71.