Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00
Frivillig arbeid
Sogn og fjordane fylkeskommune støtter frivillig verksemd i fylket. Frivillig arbeid har ein eigenverdi og det er ein kvalitet å ha eit mangfald av organisasjonar.
- Frivillig aktivitet i Sogn og Fjordane
- Tilskot til drift og prosjekt
- Utviklingsavtalar
- Kontaktpersonar
Frivillig aktivitet i Sogn og Fjordane
Frivillig aktivitet har stått – og står framleis – sterkt i Sogn og Fjordane. Likevel viser undersøkingar på nasjonalt nivå at frivillig engasjement forvitrar, og tek nye spor. At lagslivet endrar seg treng ikkje å vere negativt, så lenge aktiviteten vert oppretthalden på rett nivå og støttar innbyggarane sine behov.
Fylkeskommunen samarbeider med, og gir stønad til, regionale lag og organisasjonar, dette kan vere fylkesledd og fylkesomfattande kulturorganisasjonar. På denne måten bidreg fylkeskommunen til å styrke den frivillige aktiviteten i fylket.
Tilskot til drift og prosjekt
Kulturmidlar vert gitt til prosjekt og tiltak som har kultur som hovudføremål. Ved tilskot vert det lagt særleg vekt på kulturaktivitet til barn og unge.
Søknadsfrist er 01.03
Ordninga er delt og ein kan søke om:
Tilskot til drift
Tilskot vert gitt til fylkesdekkande kulturorganisasjonar og arrangørar med føremål innan kulturområdet. Ein legg særleg vekt på kulturaktivitet til barn og unge. Målet med tilskotsordninga er å fremme eit aktivt og allsidig kulturliv i fylket.
Kven kan søke?
- Fylkesdekkande kulturorganisasjonar.
- Arrangørar av varige, faste kulturtiltak.
Les meir om tilskotsordninga: Sjå retningslinene for meir informasjon om kven som kan få tilskot, krav til søknaden, søknadsbehandling, vilkår og klage.
Tilskot til prosjekt og tiltak
Tilskot vert gitt til prosjekt og tiltak som har føremål innan kulturområdet, med kulturell karakter som har allmenn interesse, og verknad for heile eller ein større del av fylket. Utviklingsperspektivet, der ein ønskjer å undersøke nye tiltak og arbeidsformer og samarbeid, samt å realisere dristige nyskapande kultursatsingar vert vektlagt ved tildeling.
Utviklingsavtalar
Som regional utviklar ønskjer Sogn og Fjordane fylkeskommune å utfordre frivillig sektor til å bidra til å arbeide for å oppnå regionale mål.
Tiltak innanfor desse utfordringane vert prioriterte:
- Kulturtilbod for alle.
- Opne møteplassar.
- Deltaking i organisert tilbod.
- Breiare tilbod innan organiserte fritidsaktiviteter.
- Inkludering.
- Trivselsfremjande fritid.
- Fysisk aktivitet for alle.
- Kunnskap og kompetanseheving.
Difor vert det inngått utviklingsavtalar med enkelte lag der dei i tillegg til å ha rammer for å utvikle ordinær aktivitet også arbeider med løysingar på utvalde utfordringar i fylket eller regionen. Døme på utfordringar kan vere spesielle aktivitetstilbod for born og unge eller talentutviklingsprogram for spesielle kunst og kulturformar. Det kan også vere registreringsarbeid og digital formidling av kulturtilbod.
Sogn og Fjordane fylkeskommune har utviklingsavtalar med desse organisasjonane:
- Gloppen musikkfest
- Sogn og Fjordane idrettskrins
- Sogn og Fjordane idrettskrins
- Skikrinsen
- Fotballkrinsen
- Forum for natur og friluftsliv
- FNF
- Sogn og Fjordane turlag
- Norsk jeger og fisk Sogn og Fjordane
- Naturvernforbundet
- Sogn og Fjordane ungdomslag
- Det frivillige skyttarvesen
- Sogn og Fjordane 4 H
Kontaktpersonar
For informasjon om tilskotsordninga, ta kontakt med rådgjevar Eva Kristin Svidal: eva.kristin.svidal@sfj.no/911 69 693.
For informasjon om utviklingsavtalane, ta kontakt med fagkoordinator Sissel Lillebø Aarseth: sissel.lillebo.aarseth@sfj.no/911 52 030.
Fylkesdirektør

Jan Heggheim
fylkesdirektør for næring og kultur
jan.heggheim@sfj.no
905 66 623
Ingebjørg Erikstad
assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941