Torgeir Opeland Røthe
Fylkesatlas
I Fylkesatlaset har du tilgang til mellom anna sjøkart, landkart, satelittbilete og temakart.
Fylkesatlas er eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune og Fylkesmannen i Vestland. Her finn du ein samla tilgang til sjøkart, landkart, satellittbilete, ortofoto og temakart som natur, kultur, landbruk, planlegging og andre kartfesta tema.
Føremål
Føremålet til Fylkesatlas er å gi ein samla tilgang til ulike tema i Sogn og Fjordane for saksbehandlarar hjå fylkesmannen, fylkeskommunen, kommunane og i det private.
Rettar og bruk
Rett til bruk av eksterne kartdata i Fylkesatlas er erverva gjennom Noreg digitalt. All ikkje-kommersiell bruk av tenestene i kartportalen er gratis, men det må visast til Fylkesatlas og Noreg digitalt. Vi tek atterhald om feil i kart, samt feil eller manglar i datasett. Karta er ikkje rettsleg bindande, og bruk av tenesta kan ikkje erstatta vanleg saksgang.
Plansjef

Synnøve Stalheim
Synnove.Stalheim@sfj.no
57 63 81 13
478 97 260