Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00
Ferjer med hydrogen-elektrisk drift er det neste på hydrogenfronten. Som ein av dei første i verda, har Statens vegvesen lyst ut ein utviklingskontrakt for ei slik ferje. Planen er at ferjesambandet Hjelmeland–Nesvik utanfor Stavanger skal trafikkerast av hydrogenferja. (Foto: Fjord1)
Fylkeskommunen støttar hydrogenprosjekt
Sogn og Fjordane fylkeskommune vil bidra til at fylket vert ein føregangsregion for hydrogenteknologi. No har Sparebankstiftinga i Sogn og Fjordane bidrege med ei pengegåve slik at vi kan lyse ut midlar til forprosjekt som bidreg til ei slik utvikling.
Kvart forprosjekt kan få inntil 400 000 kr, og prosjekta skal bidra til å drive fram hydrogenbaserte verdikjeder i regionen. Element som kan inngå i ei hydrogenbasert verdikjede er
- hydrogenproduksjon basert på fornybar energi
- infrastruktur for tanking, lagring og distribusjon
- eit sluttbrukarledd eller ein potensiell marknad innan fleire bruksområde
Spele på fylket sine fortrinn
Energimeldinga frå 2016 kom med nasjonale føringar på at meir av den norske fornybare energien skal nyttast til å redusere utslepp av klimagassar, mellom anna innanfor transportsektoren. Utvikling av nullutsleppsløysingar som nyttar batteri-, hydrogen- og brenselcelleteknologi står sentralt her.
– Med vårt netto kraftoverskot, og eit næringsliv som er svært konkurransedyktige innanfor ulike bruksområde for hydrogen, er dette eit naturleg satsingsområde for Sogn og Fjordane. Med den nye tilskotsordninga vil vi hjelpe næringslivet til å vere med på denne utviklinga, som kjem til å gå raskt dei neste 5–10 åra, seier Elisabet Kjerstad Bøe, som er leiar for prosjektet Hydrogen Region Sogn og Fjordane.
Løpande søknadsfrist ut 2017
Fylkeskommunen legg vekt på å koordinere tilskotsordninga for hydrogenprosjekt med verkemidla til Innovasjon Norge.
Her kan du lese meir om tilskotsordninga, om krav til søknad, og korleis du søkjer.
Det er ingen søknadsfrist, og søknadane vil bli handsama fortløpande. Ordninga varer til 31. desember 2017.
Hydrogen (H)
Hydrogen som energiberar
|
For meir informasjon
Elisabet Kjerstad Bøe
prosjektleiar Hydrogen Region Sogn og Fjordane
915 91 548
elisabet.kjerstad.boe@sfj.no
Fylkesdirektør

Jan Heggheim
fylkesdirektør for næring og kultur
jan.heggheim@sfj.no
905 66 623
Endre Høgalmen
assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
Endre.Hogalmen@sfj.no
952 07 789