Jenny Følling
fylkesordførar
jenny.folling@sfj.no
479 05 990
Åshild Kjelsnes
fylkesvaraordførar
ashild.kjelsnes@sfj.no
918 88 568
Fylkesordføraren er den fremste politiske og rettslege representanten for fylkeskommunen og er den som til vanleg representerer fylkeskommunen.
Jenny Følling (Sp) er fylkesordførar i Sogn og Fjordane. Fylkesordføraren leiar møta i fylkestinget og fylkesutvalet.
Følling (f. 1962) er vald til fylkesordførar for perioden 2015–2019. I fireårsperioden før dette var ho fylkesvaraordførar. Følling har sete i fylkestinget sidan 2003 og har tidlegare vore gruppeleiar for Senterpartiet.
Ho er utdanna agroteknikar og har arbeidd som næringskonsulent i Gaular kommune og ved landbruksavdelinga til Fylkesmannen.
Følling er frå Gaular og bur framleis i kommunen, der ho var ordførar frå 2003 til 2011.
Åshild Kjelsnes (Ap) er fylkesvaraordførar i Sogn og Fjordane. Ho var fylkesordførar i perioden 2011–2015 og fylkesvaraordførar frå 2009 til 2011. Kjelsnes er den første kvinna som hadde begge desse verva i Sogn og Fjordane. Ho vart vald inn i fylkestinget første gong i 1992.
Kjelsnes (f. 1957) er oppvaksen i Årdal og bur no i Florø.
Jenny Følling
fylkesordførar
jenny.folling@sfj.no
479 05 990
Åshild Kjelsnes
fylkesvaraordførar
ashild.kjelsnes@sfj.no
918 88 568