Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00
Foto: Norwegian Promotion Group
Hordaland og Sogn og Fjordane med fellesstand på ONS
Måndag opna fylkesordførarane Jenny Følling og Anne Gine Hestetun den første fellesstanden for dei to fylka på offshoremessa i Stavanger. – Eit symbol på det som vil bli framtida vår, seier Følling.
ONS vert arrangert kvart andre år, og er største møteplassen for offshorenæringa i Norge. Begge fylka har vore representerte fleire gonger tidlegare, men dette er første gong med fellesstand. 19 utstillarar er representerte på standen, med likeleg fordeling mellom fylka.
Fylkesordførarane Anne Gine Hestetun (Hordaland) og Jenny Følling (Sogn og Fjordane) ønskte velkommen til utstillarane måndag og talte om korleis dei vurderer framtida for næringa i det nye fylket. Bård Sandal, fylkesdirektør for regional utvikling i Hordaland fylkeskommune, orienterte om ambisjonane for olje- og gassnæringa i den nye fylkeskommunen.
– Når Sogn og Fjordane og Hordaland i år har ein felles stand på ONS, så står fram som eit symbol på det som vil bli framtida vår. Eg håpar at utstillarane både kan nytte denne felles eksponeringsflata til å knyte innbyrdes kontakt og bli betre kjende med kvarandre, og på beste måte kan selje seg inn til nasjonale så vel som internasjonale kundegrupper, sa fylkesordførar Jenny Følling ved opninga av standen måndag.
Fylkesdirektør

Jan Heggheim
fylkesdirektør for næring og kultur
jan.heggheim@sfj.no
905 66 623
Endre Høgalmen
assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
Endre.Hogalmen@sfj.no
952 07 789