Utvikling av ein hydrogendriven passasjerbåt er blant prosjekta støtteordninga for hydrogen i næringslivet i Sogn og Fjordane har gitt støtte til så langt. (Illustrasjon: Brødrene Aa)
Sogn og Fjordane fylkeskommune sette i 2016 i gang eit prosjekt for å utvikle lokale, hydrogenbaserte verdikjeder. Prosjektet er no i sluttfasen, og det er tid for å gjere opp status.
Sogn og Fjordane var den første fylkeskommunen i landet til å setje i gang eit slikt prosjekt. Hydrogen Region Sogn og Fjordane har hatt eit budsjett på 5 millionar kroner og har hatt ein prosjektkoordinator i full stilling.
Det overordna målet har vore å etablere fylket som ein leiande region, eit laboratorium, i å utvikle teknologi og ta i bruk hydrogen som energiberar i lokale verdikjeder. Prosjektet kan no vise til blant andre desse dokumenterte resultata:
Det er etablert ei støtteordning for utviklingsprosjekt knytt til hydrogen i næringslivet i Sogn og Fjordane. Førebels har ordninga gitt støtte til
I tillegg jobbar fylkeskommunen med å skaffe finansiering til eit forprosjekt om hydrogenlastebilar ved TINE Meieriet på Byrkjelo, hydrogen som energiberar i oppdrettsanlegg og industriell bruk av hydrogen på fjordbasen i Florø.
Fleire av bedriftene i prosjekta over, har gått saman for å danne ei næringsklynge knytt til hydrogenverdikjeder og vil søkje Innovasjon Noreg om Arena-status. Prosessen er koordinert av Maritim Forening Sogn og Fjordane. Fylkeskommunen har bidrege med økonomisk støtte.
Åtte kommunar i fylket gjennomførte eit samarbeidsprosjekt finansiert av Klimasats-midlane i 2017. Saman har dei laga ei verktøykasse for planlegging og gjennomføring av hydrogenprosjekt i lokalsamfunna. Kommunane Selje, Eid, Vågsøy, Bremanger, Flora, Gloppen, Høyanger og Årdal har delteke i dette samarbeidet.
Dei fire fylkeskommunane på Vestlandet har sidan 2016 hatt eit fagleg samarbeid om hydrogen som energiberar, leia av Sogn og Fjordane. Vestlandsrådet vedtok 15. februar i år å setje i gang arbeidet med ein felles hydrogenstrategi.
I tillegg har Sogn og Fjordane fylkeskommune, saman med Norsk Hydrogenforum, teke initiativ til etableringa av eit landsdekkande fylkesnettverk for hydrogen med støtte frå Klimasats-midlane. Strategien for fylkesnettverket vart presentert på Zero-konferansen i Oslo 1. november 2017.
Hydrogen Region Sogn og Fjordane har sett i gang ei kartlegging av kompetansebehov i næringslivet knytt til hydrogen. Planen er å lage ein kompetansestrategi for fylket, som mellom anna inkluderer satsingar innanfor
Sogn og Fjordane fylkeskommune har delteke i ulike nettverk for å auke eigen kompetanse og knyte kontaktar. Vi har delteke i mellom anna
Hydrogen Region Sogn og Fjordane har mellom anna bidrege til to konferansar om hydrogen i Florø, med høvesvis 130 og 180 deltakarar frå elleve land. Vi planlegg ein ny konferanse i Florø hausten 2018. I tillegg har vi formidla om prosjektet på konferansar og seminar i regi av mellom andre
Sogn og Fjordane fylkeskommune er partnar i ulike FoU-prosjekt og har delteke i ulike søknader, mellom anna til Regionalt forskingsfond Vestlandet, Forskingsrådet sitt EnergiX-program, NORA-fondet og Klimasats. Hausten 2017 fekk vi tilsegn på 500 000 millionar kroner frå NORA til å danne eit nordatlantisk nettverk for aktørar som jobbar med lokale hydrogenprosjekt.
Elisabet Kjerstad Bøe
prosjektleiar Hydrogen Region Sogn og Fjordane
915 91 548
elisabet.kjerstad.boe@sfj.no