Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00
Innsatsområde
Fylkeskommunen si rolle er først og fremst knytt til overordna reiselivsplanlegging og å legge premissar for reiselivsutviklinga og satsing på infrastrukturtiltak.
Fylkeskommunen skal også stimulere til samarbeid på tvers av regionar og fylke og vere ein pådrivar for utviklingsprosjekt. Fylkeskommunen er dessutan ein viktig finansieringspart for reiselivet.
Fylkeskommunen bidreg til
- langsiktig satsing på reiselivet gjennom overordna planlegging og politisk styring
- marknadsføring av reiselivet gjennom eigarskap og finansiering av Fjord Norge og destinasjonsselskapa i fylket
- bedriftsutvikling i reiselivet gjennom regionale midlar til Innovasjon Norge
- produktutvikling i reiselivet ved å finansiere destinasjonsselskapa i fylket og NCE Tourism
- fylkesomfattande vandresatsing gjennom overordna koordinering og finansiering av lokale og regionale vandreprosjekt
- transporttilbod i reiselivet gjennom drift av viktige kollektivruter
- kunnskaps- og kompetanseheving i reiselivet ved å finansiere forskingsprogram for reiseliv og drifte vidaregåande skular
- eit meir berekraftig reiseliv ved å finansiere miljøretta reiselivsprosjekt
- samarbeid i reiselivet ved å vere arenabyggjar for reiselivsnæringa
Fylkesdirektør

Jan Heggheim
fylkesdirektør for næring og kultur
jan.heggheim@sfj.no
905 66 623
Endre Høgalmen
assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
Endre.Hogalmen@sfj.no
952 07 789