Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00
Ingvild Andersen er redaksjonssjef for driftig.no og ønskjer no næringslivet i fylket velkomne til å stemme fram kva kurs dei ønskjer seg i 2018. Foto: driftig.no
Inviterer næringslivet til å stemme fram kurs
Driftig.no gir no næringslivet i fylket sjansen til å bestemme kva kurs dei ønskjer seg i 2018. Kurset som får flest stemmer, blir arrangert gratis i løpet av året.
Driftig.no har tidlegare arrangert fleire kurs i ulike forretningsspesifikke emne, men har aldri oppnådd den påmeldinga dei ønskjer. 2018 er difor året for å prøve noko nytt.
– Vi vil ha med fleire av dei etablerte bedriftene i fylket, det er særleg dei vi har mangla tidlegare. Vi er sikre på at det er mange relevante tema, særleg når det gjeld overgangen til ein digital kvardag. Næringslivet kan stemme på fire ulike kurs, som alle er innanfor dette feltet, fortel Ingvild Andersen, som er rådgjevar i fylkeskommunen og redaksjonssjef for driftig.no.
Avstemminga går føre seg på Facebook-sida til driftig.no, og næringslivet kan velje mellom desse fire kursa:
- Korleis starte ein nettbutikk
- Korleis gjere ein nettstad kundevenleg
- Kurs i presentasjonsteknikk for bedrifter
- Korleis nytte sosiale media til marknadsføring
Les meir om avstemminga på driftig.no.
Driftig.no er ein informasjonskanal for gründerar, idéskaparar og entreprenørar i Sogn og Fjordane. Fylkeskommunen, Fylkesmannen og Innovasjon Norge samarbeider om nettstaden.
For meir informasjon
Ingvild Andersen
ingvild.andersen@sfj.no
57 63 80 39
Fylkesdirektør

Jan Heggheim
fylkesdirektør for næring og kultur
jan.heggheim@sfj.no
905 66 623
Endre Høgalmen
assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
Endre.Hogalmen@sfj.no
952 07 789