Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00
Fotograf: Atle Grimsby. Flickr - cc by-nc
Jakt på sel
Sogn og Fjordane fylkeskommune gjev kvart år løyve til å felle sel. Talet på jaktbar sel vil kunne variere frå år til år, og mellom artane. Jeger har plikt til å halde seg oppdatert om det er at dyr på kvota. Dette kan du gjere her.
NB: For jaktåret 2020 blir det ikkje høve til å søke om fellingsløyve på sel før i byrjinga av januar. Årsaka til dette er fylkessamanslåinga frå nyttår.
Når du har felt ein sel, skal dette straks meldast til fylkeskommunen her: Rapporter på fangstskjema – logg inn via ID-porten
Når den samla kvoten eventuelt vert fylt vil fylkeskommunen stogge jakta (på den aktuelle arten) og sende melding om dette til jegerar som har løyve til å jakte kystsel i Sogn og Fjordane.
Kart med oversikt over område for seljakt i Sogn og Fjordane (pdf)
Seljakt 2019 | ||
---|---|---|
Felte dyr så langt | Total kvote | |
Steinkobbe (kvote for Sogn og Fjordane) | 32 | 32 |
Havert (kvote for området Lista–Stad) | 37 | 60 |
Steinkobbe
Kvoten er no tatt og jakta er stogga.
Sogn og Fjordane har i 2019 ein samla kvote på 25 steinkobbar. Kvar jeger vert tildelt ein maksimalkvote på fem steinkobbar, for å sikre at samla kvote ikkje vert overskriden. Jakttid for steinkobbe er frå 2. januar til og med. 30. april og 1. august til og med 30. september. Det er forbode å drive jakt på steinkobbe i indre Sognefjorden med sidefjordar.
Det er eit generelt jaktforbod i sjøfuglreservata og våtmarksreservata. Det er gjor unntak for desse sjøfuglreservata, der jakt etter verneforskriftene er tillate i tida 10.9.-31.3.: Askvoll: Kuøyna, Raudøy, Krokholmen, Kvannholmen, Prestøy Bremanger: Skorpeholmane, Haukedalsholmane Flora: Nekkøytåa, Indre-Ånnøy, Timberøyholmane, Trefotskjera, Karsskjeret Fjaler: Holmelidholmen Solund: Ramsholmen, Mågøyane
Havert
Området sør for Stad har ein kvote på 60 havert (samla kvote for område Lista–Stad) og jaktperiode frå og med 1. februar til og med 30. september. Område Nord for Stad har ein kvote på 105 havert (samla kvote for område Stad-Lofoten) og jaktperiode frå og med 2. januar til og med 15. september.
Jakt på grønlandssel
Fri jakt på grønlandssel langs Norskekysten. Jaktperioden er mellom 2. januar og 30. september.
Rapportering om felling av sel
Rapporter på fangstskjema her - logg inn via ID-porten
Felling av sel som går opp i vassdrag
I forskrift om regulering av sel på norskekysten står det:
«Sel som oppholder seg i vassdrag der det går laks, sjøørret eller sjørøye kan avlives etter tillatelse fra Fiskeridirektoratets regionkontor.»
Det vil seie at søknad skal sendast til Fiskeridirektoratet region vest.
Send søknad enten på e-post til postmottak@fiskeridir.no
eller sende skriftelig til Fiskeridirektoratet region vest, postboks 185 Sentrum, 5804 Bergen.
Fylkesdirektør

Jan Heggheim
fylkesdirektør for næring og kultur
jan.heggheim@sfj.no
905 66 623
Endre Høgalmen
assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
Endre.Hogalmen@sfj.no
952 07 789