Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00
Foto: Framtidsfylket
Jubilerande karrieremesse
For tiande året kan bedrifter i fylket vise seg fram for potensielle arbeidstakarar gjennom karrieremessene til Framtidsfylket.
I 2016 arrangerer Framtidsfylket igjen karrieremesser i Bergen, Oslo og Trondheim, der lokalt næringsliv kan vise fram at Sogn og Fjordane har karrieremoglegheiter for alle. Det gjer dei på tiande året. I 2007 starta dei med 25 stands. I 2015 var 80 bedrifter spreidd over to etasjar i Grieghallen med 600 besøkande.
Fylkeskommunen er ein av eigarane i Framtidsfylket.
– Vi er faktisk det einaste fylket som har ei slik messe, seier dagleg leiar i Framtidsfylket Gro Rukan i ei pressemelding.
Veks
I starten var messene retta mot ingeniør- og teknologimiljøa, men etter å ha vorte opna for alle kan dei no vise fram mangfaldet av moglegheiter i fylket.
– Vi er opptekne av at Sogn og Fjordane har karrieremulegheiter for alle, anten du kjem frå fylket eller ei, seier Rukan.
Karrieremesser 2016
-
Trondheim 28. januar
-
Oslo 4. februar
-
Bergen 10. februar
Fylkesdirektør

Jan Heggheim
fylkesdirektør for næring og kultur
jan.heggheim@sfj.no
905 66 623
Endre Høgalmen
assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
Endre.Hogalmen@sfj.no
952 07 789