Irene Ekren
Klimavenleg landbruk
TEMAMÅL: Landbruksnæringa i fylket vert drive på ein meir klimavenleg måte enn i dag, og er tilpassa framtidige klimaendringar.
Hovudutfordringa innan klimavenleg landbruk er å legge til rette for at næringa i fylket kan drive på ein meir klimavenleg måte, og å tilpasse seg framtidige klimautfordringar. Bøndene er viktig for matforsyninga i landet, og utsleppsreduksjon frå landbruket skal ikkje vere på grunn av nedlegging av gardar.
Utslepp av klimagassar frå jordbruket i Norge utgjorde om lag ni prosent av det totale norske utsleppet. Dei største utsleppa frå jordbruket er metan frå husdyr og lystgass. Det er ikkje mogeleg å produsere mat utan klimagassutslepp, men ein skal jobbe aktivt for å gjere norsk landbruk meir klimasmart. Å ha eit klimavenleg landbruk og hindre globale klimaendringar er både i bonden og ålmenta si interesse.
Klimaendringane har historisk sett påverka landbruket, og tilpassing til eit endra klima er ikkje ei ny problemstilling, men mykje av utfordringa i dag ligg i farten desse endringane no skjer i. Endringane byr ikkje berre på utfordringar med endring i vekstsesongane, nye plante- og dyresjukdommar og potensielt mislukka avlingar, men også på nye muligheiter. Mellom anna vil eit varmare klima gi muligheiter for å kunne dyrke nye typar frukt og bær. Det viktigaste målet med tilpassing må m.a. vere å sikre jordressursane og produksjonsgrunnlaget for vidare matproduksjon for innbyggjarane.
Med utgangspunkt i status og utviklingstrekk har vi identifisert fem utfordringar innan klimavenleg landbruk:
· Matproduksjon gjev klimagasutslepp.
· Forvalting av jordbruksarealet som sikrar god matsikkerheit og klimavenlig matproduksjon.
· Endra klimatiske vilkår krev ny kompetanse for å klare omstillingane.
· Kunnskapsbasert produksjon, med basis i forsking, utgreiing og rådgjeving.
· Kapitaltilgang for å gjere omstillingane.
Plansjef

Synnøve Stalheim
Synnove.Stalheim@sfj.no
57 63 81 13
478 97 260