Photoevent
Sogn og Fjordane fylkeskommune skal gi innbyggjarane i fylket eit godt og tenleg kollektivtilbod.
Sogn og Fjordane fylkeskommune har ansvar for alle fylkesinterne bussruter, båtruter og ferjene på fylkesvegnettet. Fylkeskommunen kjøper også fleire fylkeskryssande ruter.
I tillegg til dei fylkeskommunale rutene, består kollektivtilbodet i fylket av kommersielle ekspressbussruter, flyruter til og frå dei lokale flyplassane og ferjene på riksvegnettet.
Våren 2015 vart Kringom lansert som merkenamn for den fylkeskommunale kollektivtrafikken i Sogn og Fjordane.
Her kan du lese meir om Kringom og søke i rutesøk.
Innbyggjarar som har innspel til ruteendringar vert bedne om å melde dette til kommunen sin, slik at kommunen kan samordne lokale innspel.
Skuleskyssen dannar grunnlaget for ein stor del av kollektivtilbodet i fylket. Sogn og Fjordane fylkeskommune skal legge til rette for skuleskyss til elevar som etter opplæringslova har rett på gratis skuleskyss. Dei fleste skulerutene i fylket er tilgjengeleg for andre reisande.
Sogn og Fjordane fylkeskommune legg også til rette for serviceskyss og tilrettelagt transport.
I menyen til venstre kan du lese meir om kollektivtilbodet i Sogn og Fjordane.