Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00
Kommuneretta næringsarbeid
Næringsutvikling i kommunane er eit viktig satsingsområde, og kommunane er ein svært sentral samarbeidspart for fylkeskommunen.
Vi jobbar mellom anna med kommunretta næringsarbeid gjennom kommunale næringsfond, omstillingsarbeid og Tiltaksforum:
Kommunale næringsfond
Midla skal hjelpe kommunane til å vere gode støttespelarar for etablerarar og lokalt næringsliv.
Fylkeskommunen tildelar midlar til kommunale næringsfond i Sogn og Fjordane. Tildeling av midlar for 2019 vart gjort av hovudutval for næring og kultur 19. mars 2019.
Retningsliner for kommunale næringsfond
- Retningsliner for kommunale næringsfond i Sogn og Fjordane
- Forskrift for distrikts- og regionalpolitiske verkemidlar
- Retningsliner for rolledeling i finansieringssaker, kapitalgrenser
Kurs i sakshandsaming
I 2017 heldt fylkeskommunen og Innovasjon Norge kurs i sakshandsaming for førstelinetenesta i kommunane, for å sikre god kvalitet i sakshandsaminga og gjere gjeldande regelverk godt kjent for kommunane. Det er krav til kommunane som forvaltar kommunale næringsfond om at tilsette skal ha nødvendig kompetanse, det er også krav til sakshandsaming og kunnskap om regelverk.
Presentasjonar frå kurset
Omstillingsarbeid i kommunane
Omstillingsarbeid er eit breitt sett av offentlege tiltak retta mot ein kommune eller eit geografisk område.
Det som kjenneteiknar omstillingskommunar er at dei opplever stor nedgang i sysselsetjinga som eit resultat av nedskjeringar på ein stor arbeidsplass i kommunen.
Omstillingskommunar kan ofte vere svært sårbare med omsyn til avhengigheit til ein stor arbeidsplass. Også område med særskilde og langsiktige problem i samband med omstrukturering i næringslivet, kan vere aktuelle for omstillingsstatus.
Sjekk også ut nettsida regionalomstilling for nyttige tips om sakshandsaming og utviklingsarbeid.
Fylkesdirektør

Jan Heggheim
fylkesdirektør for næring og kultur
jan.heggheim@sfj.no
905 66 623
Endre Høgalmen
assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
Endre.Hogalmen@sfj.no
952 07 789