Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00
Kultur på nett
Digitalt innhald frå arkiv, bibliotek, museum, reiseliv, arkeologi, kulturminnevern med meir.
Audioguide
Få guiding rett på øyret medan du vandrar rundt på Sunnfjord museum, De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum eller på Lærdalsøyri. Høyr filene på appen SoundCloud på smarttelefonen din eller last dei ned til ei datamaskin.
Kulturhistoriske løyper på ut.no
Friluftsliv gir opplevingar, livskvalitet, betre helse og eit rikare liv. Naturen og kulturhistoria er med å gi innhald og verdi til aktivitet i friluft. Her finn du nokre utvalde løyper som går gjennom kulturminne og kulturhistorie i fylket vårt. Kom gjerne med tips om fleire slike kulturhistoriske løyper som burde vere med her.
foto.fylkesarkivet.no
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane sitt webarkiv for foto. Her kan ein søke etter historiske foto frå Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal og Hordaland.
Kulturminnesøk
Kulturminnesøk er Riksantikvaren sin publikumsportal. Tenesta viser informasjon om over 150.000 registrerte kulturminne i Noreg. Innhaldet er dels henta frå fagdatabasar og dels frå publikumsbidrag.
Lokalhistoriewiki.no
lokalhistoriewiki.no er ein fag- og forskingswiki som vert drive av Norsk lokalhistorisk institutt (NLI). Personar med interesse for lokalhistorie skriv artiklar og lastar opp bilete, og både faghistorikarar og amatørar er velkomne som bidragsytarar.
DigitaltMuseum
DigitaltMuseum inneheld objekt og informasjon frå mange av dei norske musea. Målet er at samlingane skal vere tilgjengelege for alle, uavhengig av tid og stad. Samlingane kan mellom anna brukast til studier, undervisning, formidling med meir.
Fylkesatlas
Fylkesatlas er ei kartteneste som har som mål å gje tilgong til ei rekke tematiske geodata frå ulike kjelder.
Her finnes fleire relevante datasett, og det er oppretta brukargrensesnitt med fokus på ulike tema.
Geoatlas
Geoatlas er ein digital læringsressurs der lærarar, elevar og fleire publiserer artiklar som tek utgangspunkt i deira nærmiljø. Tema kan vera henta frå naturen, historia og kulturen dei omgir seg med.
Fylkesdirektør

Jan Heggheim
fylkesdirektør for næring og kultur
jan.heggheim@sfj.no
905 66 623
Ingebjørg Erikstad
assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941