Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00
Møte om marine grunnkart
Marine grunnkart tek form
Marine Grunnkart er no halvvegs i prosjektperioden. Prosjektet går ut på å lage detaljerte temakart over havbotnen i dei 4 nordlegaste kommunane i fylket. Kartlegging av sjø og sjøbotn er naudsynt i arbeidet med berekraftig kystsoneplanlegging, forvaltning og verdiskaping.
Prosjektet vil vare i tre år frå 20. februar 2015. Alle data skal vere levert innan 20. februar 2018, dei vil då bli gjort tilgjengelig på nett åpent for alle. Marine Grunnkart er eit samarbeidsprosjekt mellom NGU (Norges geologiske undersøkelser), Sogn og Fjordane fylkeskommune, Selje, Vågsøy, Bremanger og Flora og 7 oppdrettsselskap.
Prosjektet har ei kostnadsramme på 6 millionar, der NGU dekker halvparten, fylkeskommunen 1,3 milliona, kommunane 1 million og oppdrettsnæringa dekker 630 000 kroner. Oppdrettselskapa som deltek i undersøkinga er Marine Harvest, Steinvik Fiskefarm, K.Strømmen lakseoppdrett, Marø Havbruk, Karstensen Fiskeoppdrett, Svanøy Havbruk og Nordfjord Forsøksstasjon.
Kartlegginga vil resultere i ulike temakart:
- Djupnekart
- Botnsediment (kornstorleik)
- Botnreflektivitet
- Botnfellingsområde
- Ankringsforhold
- Gravbarheit
- Bratt og flat fjordbotn (skråning)
- Miljøtilstand
I tillegg er det tatt miljøprøvar frå 10 stasjonar for å analysere organiske og uorganiske miljøgifter.
Fylkesdirektør

Jan Heggheim
fylkesdirektør for næring og kultur
jan.heggheim@sfj.no
905 66 623
Endre Høgalmen
assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
Endre.Hogalmen@sfj.no
952 07 789