Mat og ernæring
Fylkeskommunen si oppgåve er å legge til rette for at det skal vere enkelt å gjere sunne val.
Samansettinga av kosthaldet påverkar risikoen for ei rekke av de store folkesjukdommane som diabetes, hjerte- og karlidingar og nokre kreftformer. Eit godt kosthald og god og ernæringsrik mat er viktig for alle. Det er også viktig å tenkje på verdien av sjølve måltidet, både sosialt og ernæringsmessig. Nasjonale kostråd er eit godt verktøy for å kunne gjere dei rette vala. I kvardagen er det ikkje alltid like enkelt, men små grep kan vera ein god start.
Tannhelsetenesta og opplæringsavdelinga er ansvarleg for gjennomføringa av viktige tiltak i høve til ernæring.
Nasjonale retningsliner
Dei nasjonale retningslinene for måltid, mat og drikke er eit godt verktøy for korleis mattilbodet i barnehagen bør vere når det gjeld mat som ein lagar i barnehagen og den maten som ungane har med seg i matboksen. Eit godt kosthald i barnehagane våre gir ungane eit viktig grunnlag for leik og læring og bidreg til å etablere gode matvanar. Sunn mat medverkar også til vekst og utvikling som har mykje å seie for god helse gjennom livsløpet.
Ernæringsarbeidet rettar seg fyrst og fremst mot barn og unge, men også eldre og innvandrarar er viktige målgrupper.
Fylkesdirektør

Jan Heggheim
fylkesdirektør for næring og kultur
jan.heggheim@sfj.no
905 66 623
Ingebjørg Erikstad
assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941