Heim/Høyanger vidaregåande skule/Elev og føresett/Elevtenester/Miljøkoordinator
Elever 18-19

Miljøkoordinator

Miljøkoordinator ved Høyanger vgs ut dette skuleåret er Magnar Fjetland

Magnar har arbeidsstaden sin i kantina. Frå og med 1. mars vil han ha lenger opningstider. Dvs. frå kl. 08:30 - 14.15

Han legge opp til å servere varm mat ca to dagar per veke. Dette vert annonsert på TEAMS og på inforskjermane til skulen.

Nytt etter vinterferien er at Magnar vil lage middag til dei elevane som bur på hybel.  Dette tilbodet vert kvar onsdag f.o.m 3. mars.
Middagen serverast i kantina etter at 8. time er ferdig. Dvs. ca. kl. 16:00.

Påmelding til Magnar innan kl. 11:30 mandagen før.  Eigenandel kr 50,- betalar ein ved påmelding. Det må vere minimum 5 personar for at det skal bli middag.

Vi kjem til å opprette ein chat i TEAMS kor vil legg ut informasjon som vedkjem middag for hybelbuarar.  

Tilbodet om middag gjeld også for lærlingar i Høyanger.  Dei kan ta kontakt med Reidun tlf. 57637786 dersom dei vil nytte seg av tilbodet.

Det er kjekt å kunne gje dette tilbodet att, og vi håpar at hybelbuarane vil nytte moglegheita til å ha eit fellesmåltid i lag med fleire.   

VELKOMEN TIL MIDDAG!!

Kontakt

Magnar Johan Fjetland
magnar.johan.fjetland@vlfk.no
917 16 121

Relaterte lenker

Følg oss på Facebook

Dokument