Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00
Foto: Runar B. Mæland/Sogn og Fjordane fylkeskommune
Mobbeombodet
Mobbeombodet hjelper barn i barnehage og elevar i grunnskulen med å få oppfylt retten til eit trygt og godt barnehage- og skulemiljø.
Elev- og lærlingombodet er mobbeombod for vidaregåande opplæring.
Aina Drage er mobbeombod i Sogn og Fjordane frå og med 6. august 2018. Mobbeombodet jobbar for at alle barn og unge skal ha det trygt og godt i barnehagen, barne- og ungdomsskulen.
Kva gjer mobbeombodet?
Mobbeombodet vil både jobbe med å førebyggje mobbing, følgje opp saker og vere tilgjengeleg som ein samtalepart for born, unge og foreldre/føresette. Ho har teieplikt, så det du seier til henne kan ho ikkje seie vidare utan ditt samtykke.
Du kan kontakte mobbeombodet med små og store spørsmål som gjeld mobbing og skulemiljø. Ho kan hjelpe med å finne ut av kva du kan gjere viss du eller nokon andre ikkje har det bra på skulen eller i barnehagen. Ho kan fortelje deg om kva rettar og plikter du og skulen eller barnehagen har.
Mobbeombodet samarbeider med elev- og lærlingombodet i Sogn og Fjordane, Venke Nordeide. Elev- og lærlingombodet er også mobbeombod for lærlingar og elevar i vidaregåande opplæring.
Om mobbeombodet
Aina Drage er utdanna lærar og har jobba i 19 år på Høyanger skule. Ho har òg jobba ved Fylkesmannen som rådgjevar innan saker som gjeld skulemiljø.
– Eg har alltid vore oppteken av å skape gode relasjonar og gode læringsmiljø for born og unge. Eg er genuint interessert i det å la folk blomstre og vise seg frå si beste side, seier Drage.
Les meir i nyheitssaka: Ho er det nye mobbeombodet
Kontaktinfo og meir informasjon om mobbeombodet kjem etter 6. august.
Fylkesdirektør

Bekka Skaasheim
bekka.skaasheim@sfj.no
415 30 956