Bilete frå Fylkesting for ungdom 2013
Bilete frå Fylkesting for ungdom 2013

Bilete frå Fylkesting for ungdom 2013

Nettverkssamling 2016

19. og 20. november er det nettverkssamling for ungdomsråd på Skei i Jølster.

Ungdomspolitisk utval (UPU) og Sogn og Fjordane fylkeskommune er vertskap for samlinga, som i hovudsak handlar om opplæring for dei som sit i ungdomsråda i kommunane i fylket.

Ungdomspolitisk utval sitt mål er å bidra til at kommunane har ungdomsråd som fungerer godt, slik at ungdom i heile fylket vert høyrde. Ved å delta på samlinga vil dei at deltakarane skal lære mykje som dei kan bruke for å bidra til at ungdomsråda i sin kommune skal fungere endå betre.

Samlinga skal vere på Thon Hotel Jølster og startar laurdag kl. 13.00. Den vert avslutta med lunsj søndag ettermiddag. På programmet står opplæring i fleire former for ungdomsrådsarbeid. Det vert også sosiale aktivitetar slik at medlemane i ungdomsråda fylket over kan verte godt kjende med kvarandre. Det detaljerte programmet vert lagt ut så snart det er klart.

Nettverkssamling for ungdomsråd vert arrangert ein gong i året, vanlegvis på hausten. Fylkeskommunen arrangerer også fylkesting for ungdom ein gang i året. I 2017 er tinget lagt til 24. - 26. april.

Ordensreglar

Nettverkssamlinga er eit rusfritt arrangement. Dette gjeld for alle deltakarar, uavhengig av alder. Deltakarar som bryt kravet om rusfritt arrangement vert sende heim, på eiga rekning. Dersom deltakaren er under 18 år vert føresette varsla av fylkeskommunen, som arrangør av nettverkssamlinga. Alle deltakarane er gjestar på Thon Hotel Jølster, og skal fylgje det reglementet som er der, m.a. med omsyn til nattero og branntryggleik.

Program og påmelding

Påmeldingsfristen er 9. november 2016. Avmelding etter fristen blir fakturert fullt ut.

Samtykkeskjema

Alle deltakarar skal fylle ut samtykke- og informasjonsskjema og sende dette inn til fylkeskommunen i forkant av samlinga. For deltakarar som er under 18 år skal ein føresett også signere på skjemaet. Samtykkeskjemaet kan lastast ned her, vel mellom pdf- word- eller open documentformat:

Kontaktinformasjon

Guro Høyvik
rådgjevar ved nærings- og kulturavdelinga
Sogn og Fjordane fylkeskommune
415 30 608 (993 65 299)
guro.hoyvik@sfj.no

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00