_DSC9824
_DSC9824

Nytt anbod på båtruter i Sogn og Fjordane frå 2022

Noverande kontraktar om drift av hurtigbåt og lokale båtruter i Sogn og Fjordane gjeld fram til 30. april 2022.

Avtaleperioden starta 1. mai 2012 og varte fram til 30. april 2020, med opsjon på forlenging med inntil to år.

Sogn og Fjordane fylkeskommune har starta arbeidet med førebuing til anbodskonkurranse for vidare drift av hurtigbåt og lokale båtruter i fylket, gjeldande frå 2022.

Sjå Kringom.no for informasjon om dagens ruteproduksjon med lokalbåt i Sogn og Fjordane og ekspressbåt mellom Sogn og Fjordane og Bergen.

På denne sida vil du finne lenker til informasjon om blant anna marknadsdialog, politiske vedtak, inkludert vedtak om minstetilbod, statistikk, tidlegare konkurransegrunnlag, oversikt over aktuelle kaier, samt informasjon om føringar for båtruter vedteke i Regional transportplan.

Utgreiing av hurtigbåtrute mellom Ålesund og Bergen:

COWI har i samarbeid med MH Tech laga ei utgreiing for ei ny hurtigbåtrute mellom Bergen og Ålesund. Utgreiinga har bakgrunn i Stad skipstunnel, som vil opne for ei raskare og sikrare båtrute mellom Nordfjord og Sunnmøre enn det som er mogleg i dag. Det er Vestlandsrådet som har ønskt ei utgreiing, og Sogn og Fjordane fylkeskommune har vore oppdragsgivar for arbeidet i samarbeid med Hordaland og Møre og Romsdal fylkeskommunar. Rapporten kan du lese her.

Marknadsdialog:

Sogn og Fjordane fylkeskommune ønskjer dialog med marknaden i forkant av konkurranseutlysinga. Dette for å få signal på korleis fylkeskommunen best kan tilfredsstile sine behov og korleis konkurransen bør vere utforma og gjennomførast. Les meir om dette her.

Politiske vedtak:

Her finn du oversikt over politiske vedtak knytt til dagens ruteproduksjon med båt i Sogn og Fjordane.

Minstetilbod:

Fylkestinget i Sogn og Fjordane gjorde i 2011 vedtak om minstetilbod for båt - sjå sak 11/10 for detaljar.

Statistikk:

Vi legg også ved statistikk over av- og påstingingar på ekspressbåtrutene mellom Sogn og Fjordane og Bergen. I dette vedlegget syner tal påstigingar per stoppestad i 2018.

Tidlegare konkurransegrunnlag:

Sjå elles aktuelle dokument:

Oversikt over kaier i Sogn og Fjordane/Hordaland

Regional plan for klimaomstilling

Regional transportplan

Regional transportplan - Handlingsprogram 

Ekspressbåt og lokalbåt - omsyn til utslepp og miljø

Båttransport - omsyn til klima, miljø og universell utforming

Krav til universell utforming (Lovdata.no)

 

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Dina Lefdal

Dina Lefdal

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
Askedalen 2
6863 Leikanger

57 63 80 00
post@sfj.no