Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00
Foto: Melissa Doroquez, www.flickr.com
Nytt havbruksmagasin
Fylkeskommunen har laga magasinet «Havbruk i Sogn og Fjordane», som skal gjere havbruksnæringa betre kjend både i og utanfor fylket.
– Målet med magasinet er å presentere havbruksnæringa i full breidde, men ikkje presentere absolutt alle næringsaktørane. Saman med A til Å har vi plukka ut nokon av dei mest interessante historiene, og sett dei saman til det vi meiner har blitt eit informativt og godt magasin, seier fagkoordinator Lena Søderholm i Sogn og Fjordane fylkeskommune.
Fylkeskommunen har hyrt inn A til Å Grafisk Design og Media i Florø til å lage magasinet «Havbruk i Sogn og Fjordane». Magasinet finst både i trykt form og på nett.
Presenterer heile næringa
I «Havbruk i Sogn og Fjordane» vert vi kjend med ulike sider av havbruksnæringa i fylket. Vi kan lese om ulike bedrifter, som ein av dei eldste oppdrettsfamiliane i landet, som held til i Høyanger, og om ulike spennande prosjekt, som vert gjennomførte her i fylket.
Andre tema i magasinet er blant anna
- eit forskingsprosjekt om luseetarar
- korleis tare kan bli til mat
- «grøn» produksjon av laks
- kvinner i front av lakseeventyret på Svanøy
- Olav og Ola i Skjerjehamn
- kveitesuksess i Slantevika i Høyanger
Skal distribuerast i heile fylket
«Havbruk i Sogn og Fjordane» skal no distribuerast til alle kommunane i fylket, til ungdomsskulane og til bedrifter innan havbruk. Fylkeskommunen vil også forsøke å få plasserte ut eksemplar på dei to visningskonsesjonane for havbruk vi har i fylket (på Skjerjehamn og i Høydalsfjorden).
– Havbruksnæringa i Sogn og Fjordane er allsidig og mangfaldig. Men både vi i forvaltninga og næringa sjølv har ved mange høve sakna «noko handfast» å vise til når vi informerer om og promoterer næringa i fylket. Havbruksmessa Aqua Nor, der vi var i august i år, er eit typisk døme på eit høve der vi nyttar slikt informasjonsmateriell, fortel Lena Søderholm.
For meir informasjon
Lena Søderholm
fagkoordinator, næringsavdelinga
lena.soderholm@sfj.no
970 35 449
Fylkesdirektør

Jan Heggheim
fylkesdirektør for næring og kultur
jan.heggheim@sfj.no
905 66 623
Endre Høgalmen
assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
Endre.Hogalmen@sfj.no
952 07 789