Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00
Nytt presåkornfond
Fylkeskommunen har gått inn med 1,5 mill kr i eit nytt fond som kan skyte inn risikovilleg eigenkapital i nystarte bedrifter, eit såkalla presåkornfond. Kunnskapsparken Sogn og Fjordane og Sparebanken Sogn og Fjordane har tidlegare gått inn med midlar i dette fondet.
Det kan vere ei utfordring for delar av næringslivet å få tilgang til risikovillig eigenkapital. Dette gjeld særleg når nokon startar opp ei ny verksemd. Sjølv om forretningsidane er gode kan det vere utfordrande å overtyde investorane om å gå inn med eigenkapital på grunn av høg risiko.
Det vert difor etablert eit presåkornfond, som skal gi betre tilgang på kapital i tidleg fase. Fondet skal administrerast av Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane.
Etableringa av fondet er i tråd med plantema nyskaping i Verdiskapingsplanen for Sogn og Fjordane, der det står det at det skal arbeidast aktivt for å styrkje tilgangen til risikovillig eigenkapital.
Fylkesdirektør

Jan Heggheim
fylkesdirektør for næring og kultur
jan.heggheim@sfj.no
905 66 623
Endre Høgalmen
assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
Endre.Hogalmen@sfj.no
952 07 789