Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00
Privatist
Ein privatist er ein som melder seg opp til eksamen utan å vere elev i faget på oppmeldingstidspunktet.
Det vert arrangert eksamen to gonger i året:
- Våreksamen: april/mai/juni, frist for oppmelding er 1. februar
- Hausteksamen: november/desember, frist for oppmelding: 15. september
Oppmelding til privatisteksamen gjer du på PrivatistWeb.
Standpunktkarakter
Ein privatist får ikkje standpunktkarakter i faget. Dersom privatisten ønskjer å forbetre ein standpunktkarakter, blir denne teken bort dersom vedkommande vel å bruke karakteren til privatisteksamen på vitnemålet.
Eksamensavgift
Eksamensavgifta må vere betalt innan fristen for at påmeldinga skal vere gyldig. Innbetalt eksamensavgift blir ikkje refundert dersom du må trekke deg eller utsette eksamen. Ved dokumentert fråvær kan du få utsette eksamen til neste termin utan å betale på nytt. Prisen per eksamen i 2019 er:
- 1114 kroner dersom du ikkje har bestått faget tidlegare
- 2231 kroner dersom du har bestått same eller tilsvarande fag tidlegare
Sjukdom
Dersom du er sjuk på eksamensdagen eller ei uføreseieleg hindring gjer at du ikkje kan møte på eksamen og du sjølv ikkje er årsak til dette, kan du få utsette eksamen til neste termin utan å betale på nytt. Fråværet må være dokumentert.
Skular
I Sogn og Fjordane er det tre privatistskular:
- Eid vgs (Nordfjordeid)
- Hafstad vgs (Førde)
- Sogndal vgs (Sogndal)
Du kan i utgangspunktet velje skule, men i munnlege og munnleg praktiske fag kan du verte flytta til ein anna skule enn det som var valet ditt. I praktiske fag vert eksamen lagt til ein skule som har det aktuelle faget.
Dokumentasjon
Når sensuren er klar, kan du sjekke karakteren på PrivatistWeb, under «Mine eksamenar».
Dersom du vil få tilsendt kompetansebevis, kontakt eksamenskontoret@sfj.no.
Privatistar som etter avlagt eksamen skal ha vitnemål eller nytt vitnemål, må kontakte skulen der du tidligare var elev. Dersom dette ikkje er mogleg, ta konktat med eksamenskontoret.
Høgare utdanning
Søkjer du høgare utdanning, er du sjølv ansvarleg for å skaffe nødvendig dokumentasjon og orientere deg om fristane som gjeld. Vitnemål og kompetansebevis bør tingast i god tid før innsendingsfristen.
Fylkesdirektør

Bekka Skaasheim
bekka.skaasheim@sfj.no
415 30 956