Regional planstrategi for Sogn og Fjordane 2016–2020
Strategien er førande for arbeidet med den regionale planlegginga i perioden – ein plan for planane og vart vedteke i sak 23/16 i fylkestinget 14.06.16.
Formålet med ein regional planstrategi
Planstrategien skal dekke eit regionalt behov for å finne ut kva som kan føre fylket i ynskt retning. Kommunane, regional stat, lag og organisasjonar og andre har delteke aktivt i utforminga av planstrategien. Planstrategien vil bli løfta fram som eit felles overordna styringsverkty for aktørane i fylket i planperioden, med forventning om at dette gjev seg utslag i dei interne strategiane og planane hjå den einskilde aktør. For fylkeskommunen er planstrategien ein del av den rullerande 4 års planlegging som vert kopla til økonomi- og verksemdsplanlegginga.
Faktaboks – kva er ein regional planstrategi (RPS)?
|
Utfordringar for fylket
Det er ikkje meint at Planstrategien skal fange opp alle problemstillingane det er viktig å jobbe med i fylket, og i planprosessen vart følgjande utfordringar fastsett:
- Globalisering og sentralisering
- Migrasjon og inkludering
- Kvinner, utdanning og arbeidsmarknad
- Verdiskaping og utvikling av kunnskapssamfunnet
- Klimaendringane
Strategiar for å møte utfordringane og dermed arbeidet for å nå måla, finn du i sjølve planstrategien, kap. 3 og 4.
Dokument
Regional Planstrategi 2016-2020
Vedlegg: Kunnskapsgrunnlag og utfordringar
Vedlegg: Evaluering av gjeldande planar og strategiar
Vedlegg: Nasjonale forventningar – korleis svarar fylket på desse?
Saksframlegg og protokoll: Vedtak av regional planstrategi 2016-2020
Det er gjort ei justering på status og framdrift av dei regionale planane. Sjå sak 34/2017 i fylkestinget.
Grunna fylkessamanslåinga er det trong for å ytterligare revidere framdrifta av planarbeid i gjeldande planstrategi. Det har i mindre grad noko føre seg å starte opp eigne planarbeid no, i tillegg vil det førebuande arbeidet med felles planstrategi for dei to fylka krevje ressursar.
I gjeldande planstrategi vil dette ha konsekvensar for;
- Regional plan for arealbruk. Eventuelt oppstart vert utsett til nytt fylkesting er konstituert. Arbeidet med revisjon av Regional planføresegn om lokalisering av handel og kjøpesenter vert starta opp hausten 2018.
- Regional plan for folkehelse. Eventuell oppstart vert utsett til nytt fylkesting er konstituert.
Plansjef

Synnøve Stalheim
Synnove.Stalheim@sfj.no
57 63 81 13
478 97 260