Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00
Reiseliv
Sogn og Fjordane skal bli ein av dei fremste regionane i verda for berekraftige, naturbaserte opplevingar med høg kvalitet.
I møte med engasjerte menneske og unik natur skal turisttrafikken styrkje grunnlaget for lønsam, heilårleg næringsverksemd, trivsel og busetnad i heile fylket.
Sogn og Fjordane kan vise til lange tradisjonar i reiselivet. Dei viktigaste internasjonale attraksjonane har vore fjordane saman med Jostedalsbreen og Jotunheimen. Gjennom sin spektakulære og attraktive natur har Sogn og Fjordane eit svært godt ressursgrunnlag for naturbaserte reiselivsopplevingar. Utvikling av vandretilbod i verdklasse er difor ei felles marknadssatsing for heile fylket.
«Fjordane frå bre til hav»
Turistane spelar ei viktig rolle for å ivareta og utvikle arbeidsplassar i fylket, og for å halde oppe store og små samfunn. Overrislingseffektane i frå turisttrafikken er ein sentral grunn til at fylkeskommunen satsar på reiseliv. Heilårsturisme og eit meir berekraftig reiseliv skal vere til det beste for både innbyggjarar og besøkande.
Fylkesdirektør

Jan Heggheim
fylkesdirektør for næring og kultur
jan.heggheim@sfj.no
905 66 623
Endre Høgalmen
assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
Endre.Hogalmen@sfj.no
952 07 789