Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00
Berekraft og opplevingsturisme står på programmet på reiselivskonferansen i Sogndal 1. og 2. november. (Foto: Tormod Ulsberg, www.flickr.com)
Reiselivskonferansen 2017
Alle kundane deira er på nett. Korleis kan reiselivet til passe seg, vere til stades og bli så synlege som mogleg i digitale kanalar?
Digitalisering og berekraft er tema på den store reiselivskonferansen Fjordane frå bre til hav i Sogndal 1. og 2. november.
Konferansen er staden å vere for reiselivsverksemder og andre med interesser i reiselivet, som ønskjer å bli meir synlege digitalt og lære om berekraft i praksis.
Føredragshaldarar frå inn- og utland
Innovation Lab Denmark deltek med eit innlegg og digitale trendar i reiselivet, Marius Wang i Oslo Business Forum vil fortelje om digital strategi på 1-2-3, og NordNorsk Reiseliv deler sine oppskrifter for korleis ein lukkast på Instagram.
Andre tema relatert til berekraft på konferansen er naturbasert reiseliv og cruisestrategi for Vestlandet. Det vert både lokale, nasjonale og internasjonale føredragshaldarar, og til pausemat og lunsj vert det lokale smakar ved Smak av Sogn.
Reiselivsprisen 2017
Reiselivsprisen 2017 Sogn ogFjordane skal delast ved middagen 1. november. Det er Sparebanken Vest som delar ut prisen.
Konferansen er i år eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune, Innovasjon Norge Sogn og Fjordane og Høgskulen på Vestlandet.
Du kan melde deg på konferansen og sjå heile programmet her.
Konferansen har også ei eiga Facebook-side.
For meir informasjon
Ingeborg Lysne McEvoy
rådgjevar, Sogn og Fjordane fylkeskommune
ingeborg.lysne.mcevoy@sfj.no
906 34 837
Fylkesdirektør

Jan Heggheim
fylkesdirektør for næring og kultur
jan.heggheim@sfj.no
905 66 623
Endre Høgalmen
assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
Endre.Hogalmen@sfj.no
952 07 789