Sogn og Fjordane fylkeskommune
Askedalen 2
6863 Leikanger
post@sfj.no
Regional transportplan 2014 - 2023
Regional transportplan (RTP) vart vedtatt for perioden 2014-23 i desember, 2013. Transportplanen består av ein analyse- og utfordringsdel og eit handlingsprogram med investeringsprogram for 2014-17.
Planen omhandlar heile transportsystemet i fylket, inkludert transportformer der ansvar og verkemiddel ligg til andre forvaltningsnivå enn det fylkeskommunale. RTP skal vere ein langsiktig strategiplan for transportsektoren i Sogn og Fjordane.
Utgreiingar frå Statens vegvesen viser at forfallet på fylkesvegnettet er dramatisk og kostnadsberekna til 4 mrd. kr. Om lag 2,6 mrd. kr av dette er knytt til tunnel. Forfallet påverkar framkome og tryggleiken for trafikantar og gir høge transportkostnader for næringslivet.
Handlingsprogrammet er ein del av regional transportplan og gir ei oversikt over tiltak med utgangspunkt i mål, strategiar og retningsliner frå RTP. Handlingsprogrammet vert rullert kvart fjerde år og dannar eit utgangspunkt for prioriteringar i budsjett og økonomiplan.
Handlingsprogrammet har hovudfokus på tiltak dei fire første åra. Årlege budsjettrammer til samferdsle vil avgjere graden av oppfylging av handlingsprogrammet.
I samband med utarbeidinga av Regional transportplan 2014 - 23 vart følgjande utgreiingar lagt til grunn:
- Fv 57 Dale–Storehaugen, vurdering av alternative løysingar
- Fastlandssambandet for Atløy, oppgradert kostnadsoverslag og vurdering av alternativ
- Vegsamband over Ytre Steinsund, oppgradert kostnadsoverslag
- Skredsikring av fv. 92 Arnafjorden sett i samanheng med tunnelalternativ for rv.13 under Vikafjellet
- Vurdering av alternative tiltak på fv. 633 ved Kleiva i Selje
- Fv 661 Haugen - Myrold, behov for utbetring
- Fv 621 Måløy - Vågsvåg, behov for utbetring
- Fv 609 Ringstad - Stongfjord, behov for utbetring
- Fv 55 Sognefjellet - Vadheim, overordna utgreiing
- Fv. 616 Dombestein - Davik, vurdering av skredfare og rassikring
- Fv. 303 Seimsdalstunnelen
- Fv. 57 Undalstunnelen. Kostnadsoverslag for auka tunnelhøgd
- Fv. 615 Storebru - Sandane, overordna utgreiing
- Standard på fylkesvegane
Revisjon av Regional transportplan vil starte opp i 2016 og vere ferdig i løpet 2017.
Planen skal reviderast kvart fjerde år.
Fylkesdirektør

Dina Lefdal
dina.lefdal@sfj.no
957 00 813