Sogn og Fjordane fylkeskommune
Askedalen 2
6863 Leikanger
post@sfj.no
Foto: Vegard Bondevik Lie/Statens vegvesen
Skredsikring
I 2012 la Statens vegvesen fram rapporten «Skredsikringsbehov for riks- og fylkesvegar i Region vest».
Rapporten er ei fagleg tilråding og eit grunnlagsdokument for utarbeiding av handlingsprogram for riks- og fylkesvegar.
Føremålet med Statens vegvesen sin rapport var å få fram
- ein samla oversikt over skredutfordringane
- eit fagleg grunnlag til og prioritering av skredpunkta
- ein samla oversikt over behov for skredsikring
Det vart registrert 683 skredpunkt på riks- og fylkesvegnettet i region vest ved utgangen av 2011. Om lag halvparten av skredpunkta er på vegnettet i Sogn og Fjordane. Det vart registrert 49 skredpunkt på riksvegnettet og 274 skredpunkt på fylkesvegnettet .
Med utgangspunkt i Statens vegvesen sin rapport har Fylkestinget vedteke følgjande prioriteringsliste for skredsikringsprosjekt for perioden 2014-23:
- Fv. 337 Bjødnabakken/Lindeskreda Luster kommune
- Fv. 55 Renninganeset Balestrand kommune.
- Fv. 722 Flovegen Stryn kommune:
- Fv. 53 Jåteli Årdal kommune.
- Fv. 55 Kjenes Balestrand kommune: Alternativ løysing med bru over Esefjorden.
- Fv. 609 Heilevang Askvoll kommune
- Fv. 92 Arnafjord Vik kommune.
- Fv. 616 Davikstranda
Det fylkeskommunale aktivitetsnivået innan skredsikring skal tilpassast dei statlege tilskota til føremålet. Det er ikkje rom for å bruke ordinære fylkeskommunale midlar til investering i skredsikring.
Fylkesdirektør

Dina Lefdal
dina.lefdal@sfj.no
957 00 813