Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00
Foto: Oskar Andersen/Sogn og Fjordane fylkeskommune
Skulemiljø og mobbing
Alle elevar har rett til eit trygt og godt skulemiljø som fremjar helse, trivsel og læring. Fylkeskommunen har nulltoleranse mot krenkingar som mobbing, vald, diskriminering og trakassering.
Viss ein elev opplever slik krenking, er det viktig å melde frå til rektor eller ein annan vaksen på skulen. Då har skulen plikt til å undersøkje saka og setje i verk tiltak.
Meld frå
Fylkeskommune har oppretta eit meldingsskjema som gir elevar, føresette og andre ein trygg og sikker kanal for å melde frå om ein elev som ikkje har det bra på skulen. Meldinga blir send direkte til rektor, og leiinga ved skulen vil ta kontakt med deg for ein samtale. Ingen utanfor skulen si leiing får vite om meldinga.
Det ligg lenke til meldingsskjemaet på skulane sine nettsider («Meld frå om mobbing»).
Her kan du gå direkte til skjemaet.
Snakk med nokon
Viss du ønskjer å snakke med nokon om mobbing og dårleg skulemiljø, eller viss du lurer på kva rettar og plikter du har og korleis du kan gå fram for å løyse ei sak, kan du ta kontakt med elev- og lærlingombodet i Sogn og Fjordane.
Fylkesdirektør

Bekka Skaasheim
bekka.skaasheim@sfj.no
415 30 956