Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00
Søknad om akvakulturkonsesjonar
Dei ulike artane innan akvakultur krev ulik handsaming av forvaltinga. Her finn du informasjon om korleis du går fram for å søke konsesjon for dei ulike artane. Du finn søknadsskjema og generell informasjon under "Eksterne lenker" til høgre.
- Laks, aure og regnbogeaure
- Landbasert oppdrett av laks, aure og regnbogeaure
- Tare
- Andre marine artar
Laks, aure og regnbogeaure
Konsesjonar til laks, regnbogeaure og aure blir tildelt frå Nærings- og fiskeridepartementet, men utløyser behov for melding eller lokalitetsklarering av fylkeskommunen. For særløyve, slik som visningskonsesjon, undervisningskonsesjon og FoU-konsesjon må du søke til Fiskeridirektoratet, men lokalitetsklarering vil i etterkant klarerast av fylkeskommunen.
Landbasert oppdrett av laks, aure og regnbogeaure
Frå 1. juni 2016 vart laksetildelingsforskrifta, akvakulturdriftsforskrifta og forskrift om løyve til akvakultur av andre arter enn laks, aure og regnbogeaure endra. No opnar regelverket for ei laupande tildeling av løyver til landbasert akvakultur med laks, aure og regnbogeaure. Søknader om landbasert akvakultur skal sendast til fylkeskommunen, og du treng ikkje betala vederlag for løyvet.
Tare
For å drive med produksjon og dyrking av vannlevende planter som til dømes tare, makroalger og tunikatar, krevst det eige løyve. Slike søknadar, med nødvendige vedlegg, skal sendes til Nærings- og fiskeridepartementet.
Andre marine artar
Akvakultur av andre marine artar er regulert i eiga forskrift og omfattar andre fiskeartar enn laks, aure og regnbogeaure samt akvakultur av blautdyr, krepsdyr og pigghuder. Løyve til denne type akvakultur vert gitt av fylkeskommunen.
Fylkesdirektør

Jan Heggheim
fylkesdirektør for næring og kultur
jan.heggheim@sfj.no
905 66 623
Endre Høgalmen
assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
Endre.Hogalmen@sfj.no
952 07 789