Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00
Taretråling
Tråling etter tare vert regulert etter regionale hausteforskrifter fastsett av Fiskeridirektoratet. Hausting vert regulert ved inndeling i felt som rullerer slik at kvart felt er opent for taretråling kvart femte år.
Ny forskrift om hausting av tare i fylka Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane vart fastsett 11. september 2018. Kva felt som til ei kvar tid er open for hausting er regulert i Forskrift om høsting av tare, Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane.
Meir informasjon om den nye forskrifta finn de her (pdf).
Hausteperioden for kvart felt er frå 1. september til 31. august.
Tarefelta går fram av Fiskeridirektoratet sitt kart.
Forskrift om hausting av tare skal reviderast kvart femte år. Fylkeskommunen har ansvar for å førebu revisjonsarbeidet og utarbeide framlegg til forskrift som vert send til Fiskeridirektoratet for fastsetting.
Fylkesdirektør

Jan Heggheim
fylkesdirektør for næring og kultur
jan.heggheim@sfj.no
905 66 623
Endre Høgalmen
assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
Endre.Hogalmen@sfj.no
952 07 789