Sogn og Fjordane fylkeskommune
Askedalen 2
6863 Leikanger
post@sfj.no
Trafikktryggingsprisen
Trafikktryggingsprisen vert delt ut til enkeltpersonar, lag og foreiningar, grupper og institusjonar som har gjort ein innsats innan trafikktryggingsarbeidet.
Prisen er på 25 000 kroner og eit diplom, og vert tildelt av Fylkestinget i oktober kvart år.
Trafikktryggingsprisen vart delt ut for første gong av Fylkestrafikktryggingsutvalet i 1995.
Tidlegare prisvinnarar
År | Prisvinnar | Grunngjeving for prisen |
---|---|---|
2018 | Norges Lastebileigar-forbund avd. Sogn og Fjordane | For sin innsats i samband med trafikktryggleikarbeidet i Sogn og Fjordane. Det er lagt ned ein god innsats for auka trafikktryggleik. |
2017 | Årdal kommune | |
2016 | Anna og Helga Brakstad | For innsatsen sin for mjuke trafikantar langs fv. 57 ved Heggelund i Gulen. |
2015 | Redningsselskapet | For det store og viktige arbeidet selskapet gjer i Sogn og Fjordane |
2014 | Vik idrettslag | For å ha realisert ei asfaltert rulleskiløype i Vik. |
2013 | Fylkesordførar Åshild Kjelsnes | For lang tids arbeid med trafikktrygging og rassikring. |
2012 | Våge Kvinne og familielag | For imponerande dugnadsånd for veglys i Fjaler. |
2011 | Markane Idrettslag i Stryn | For bygging av rulleskianlegget på Ullsheim. |
2010 | Statkraft Energi AS, Region Midt | For å ha gjennomført kurs for alle tilsette innafor "Trafikktrygging som del av internkontrollsystemet". |
2009 | Leikanger Taxisentral | For å ha gitt grunnideen til Trygt Heim. |
2008 | Ikkje tildelt | |
2007 | Ikkje tildelt | |
2006 | Trudvang skule, Sogndal | For godt trafikktryggingsarbeid ved skule. |
2005 | Magnus Nistad Transportforretning AS | For gjennomføring av programmet "Val av risiko". |
2004 |
Firda vidaregåande skule |
For gjennomføring av trafikkopplæringsprogrammet "Valfag trafikk" i vidaregåande skule. |
2003 | Sogn og Fjordane Fotballkrets | For satsing på trafikktrygging gjennom kampanjen "0–0". |
2002 | Luster Bygdalag | For engasjement over år for å sikre born med å bygge gangveg langs rv. 55 gjennom Dale i Luster. |
2001 | "Aksjonsgruppa for rassikring av vegstrekninga Sogndal–Leikanger" |
For målretta arbeid for å få aksept for at rassikring vert sett på dagsorden.
|
2000 | Eldbjørg og Leif Vinsrygg | For arrangementet Fylkesfinale i sykkelløp. |
1999 | Kåre Ljones | For kampanjen "Sei ifrå". |
1998 | Johan Johannessen Jan Andreas Olsen Vidar Lægreid |
For eit engasjement i trafikktryggingsarbeidet utover det ein kan forvente i det daglege arbeidet. |
1997 | "Arbeidsgruppa mot ulukker" i Leikanger kommune | For prosjektet "Tryggare Leikanger – felles ansvar" med m.a. utarbeiding av tryggleiksheftet "Kven – kva – kvar – trafikktryggleik i Leikanger". |
1996 | Prosjektet "Årdal tenk tryggleik" | For å setje trafikktryggingsarbeidet i lokalsamfunnet i system etter parallellar til industriell tenking. |
1995 | Oddvar Træen Kristen Olav Grøttebø Jan Olav Harsjøen |
Som utøvarar i gjennomføringa av Trygg Trafikk sin informasjonskampanje "Ikkje tøft å vere død". |
Fylkesdirektør

Dina Lefdal
dina.lefdal@sfj.no
957 00 813