Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00
UKM
UKM (Ung kultur møtest) er eit nettverk av små festivalar lokalt og regionalt der ungdom mellom 13 og 20 år kan delta med alle slags kulturuttrykk. Ein kan også delta som konferansier, i UKM Media eller som ung arrangør. I mange kommunar er aldersgrensa 10 til 20 år.
All påmelding skjer via den nasjonale nettsida til UKM.
UKM i Sogn og Fjordane
Sogn og Fjordane fylkeskommune har ansvar for arbeidet med UKM på regionalt nivå, og for gjennomføringa av UKM-festivalen Sogn og Fjordane.
Kommunanen plukkar ut ungdommar på sine arrangement som får representere kommunen på festivalen. Sogn og Fjordane fylkeskommune sender i neste omgang om lag 30 ungdommar som representantar for fylket til den nasjonale UKM-festivalen.
UKM-festivalen Sogn og Fjordane 2019 vert arrangert i Nordfjordhallen i Vågsøy 29. - 31. mars med Vågsøy kommune som hovudarrangør.
Meir informasjon om UKM-arbeidet i Sogn og Fjordane finn du på nettsida. Du kan også følgje UKM Sogn og Fjordane på Facebook.
Ungdommens ressursgruppe Sogn og Fjordane
Ungdommens ressursgruppe (URG) er ei gruppe ungdommar frå ulike delar av fylket som skal komme med innspel og idear til korleis UKM i Sogn og Fjordane kan bli enda betre. Gruppa er med å planlegge og gjennomføre UKM-festivalen Sogn og Fjordane kvart år.
Ler meir om URG her.
Fylkesdirektør

Jan Heggheim
fylkesdirektør for næring og kultur
jan.heggheim@sfj.no
905 66 623
Ingebjørg Erikstad
assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941