Ungdomskort_1_smal
Ungdomskort_1_smal

Ungdomstilbod

Vi har ulike tilbod til ungdom som nyttar kollektivtransport.

Trygt heim for ein 50-lapp

«Trygt heim» er eit tilbod som er retta mot ungdom mellom 16-24 år, natt til søndag. Tilbodet gjeld i skuleåret, samt 1. og 17. mai og 3. juledag frå ulike tettstadar i fylket. Rutene er lagt opp til å vere både faste ruter og bestillingsruter. Dei fleste rutene vert køyrde med drosje.

Sjå ruter og meir informasjon på Kringom.no

Fylkeskommunen tilbyr i tillegg «Trygg transport» for russen. Dette er midlar som må søkast på, og gjeld transport til og frå arrangement rundt omkring i fylket.

Ungdomskort

Ungdomskortet er eit tilbod for ungdomar frå 16 til 19 år. Ordninga gjeld òg for elevar på 15 år, som er i vidaregåande opplæring. Kortet er gyldig i 30 dagar frå den dagen kortet vert aktivert. I 2019 er prisen på ungdomskortet kr. 365.

Kortet gjeld innanfor fylkesgrensene i Sogn og Fjordane, og gjeld på buss, båt og ferje. Reisande med ungdomskort har ikkje reservasjonsrett.

Bestilling av ungdomskort kan du gjere på Kringom.no. Hugs passfoto og gyldig ID. Ved kjøp av kortet må du betale eit depositum på 100 kr. for produksjon av kortet.

Lokaltransport for ungdom (LTU)

LTU er eit tilbod som kommunane, i samarbeid med ungdom i kommunen, søkjer på. Kommunane nyttar midlane ut frå ungdomane sitt transportbehov på ettermiddag og kveld. Tilbodet er primært retta mot ungdom mellom 13 og 19 år.

Fleksibel skuleskyss

Fleksibel skuleskyss gjeld for elevar i den vidaregåande skulen og gjeld for ei heimreise dagleg, alle skuledagar. Elevane kan reise heim på det tidspunktet dei sjølve ønskjer. Ordninga gjeld på eksisterande buss- og båtruter i fylket, utanom ekspressbussrutene.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Eva Hamre
Rådgjevar
eva.hamre@sfj.no
57 63 80 66

Relaterte lenker

Eksterne lenker

Fylkesdirektør

Dina Lefdal

Dina Lefdal

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
Askedalen 2
6863 Leikanger

57 63 80 00
post@sfj.no