Foto: Rolf M. Sørensen
Fylkesvegane knyter ulike delar av fylket saman og skal fungere som ei trygg og føreseieleg ferdselsåre for trafikantar og næringsliv.
Det er 2648 kilometer fylkesvegar, inkludert gang- og sykkelvegar, og seks fylkesvegferjesamband i Sogn og Fjordane.
Rammeplanen er ei intern rettesnor for sakshandsaming i Statens vegvesen på vegne av stat og fylkeskommune. Rammeplanen er ikkje juridisk bindande.
Rammeplanen skal vere eit verktøy for både kommunane og Statens vegvesen. Gjennom rammeplanen skal kommunane få kunnskap som kan nyttast både i arealplanarbeid og i handsaming av søknader som gjeld oppføring og plassering av bustader, foretningar, industriverksemder, skular m.m.
Rammeplan for avkøyrsler og byggegrenser
Ved hendingar på vegnettet eller spørsmål om veg og køyreforhold, kontakt Vegmeldingssentralen på telefon 175 eller sjekk vegmeldingane i Fylkesatlas.