Fylkesvaraordførar Åshild Kjelsnes og dei andre konferansedeltakarane frå komande Vestland fylke.
Verdsarv i demokrati- og fredsperspektiv
Fylkesvaraordførar Åshild Kjelsnes deltok saman med ein delegasjon frå framtidige Vestland fylkeskommune på den nordiske verdsarvkonferansen i Stockholm 1.–4. september.
Både Sogn og Fjordane og Hordaland er representerte på verdsarvlista til Unesco, Sogn og Fjordane blant anna med Vestnorsk Fjordlandskap (Nærøyfjorden). Åshild Kjelsnes er medlem i verdsarvrådet for Vestnorsk Fjordlandskap og deltok på konferansen i samband med det.
Den nordiske verdsarvkonferansen er den årlege møtestaden for dei nordiske verdsarvstadane, og årets konferanse var lagt til Stockholm. Temaa handla om kulturarven og berekraftig bruk av denne, i tillegg til at ein såg verdsarven i eit fredsperspektiv. Det var ekskursjonar og omvisingar til verdsarvstadar, bygningar, naturreservat og ein skogskyrkjegard.
– Arbeidet med å skjøtte verdsarvstadane våre er eit grenselaust demokrati- og fredsskapande arbeid, som vi bør verdsetje endå høgare enn vi gjer. Utan kulturarven mistar vi både røter og identitet, seier fylkesvaraordførar Åshild Kjelsnes.