Silje Drevdal/Statens vegvesen
Vestland lyser ut opp mot 100 ledige stillingar
Som følge av regionreforma blir administrasjon av fylkesvegoppgåver overførte frå Statens vegvesen til fylkeskommunane 1. januar 2020. I samband med det lyser Vestland ut opp mot 100 nye stillingar innan infrastruktur og veg.
Den nye avdelinga infrastruktur og veg i Vestland fylkeskommune skal ha 300 årsverk. I overkant av 200 er på plass frå Statens vegvesen og fylkeskommunane. Dei resterande stillingane vert no lyste ut, med arbeidsstad i Førde, Leikanger, Nordfjordeid, Odda, Voss eller Bergen. Søknadsfristen er 23. oktober.
Det er mange ulike typar stillingar som er ledige. Avdeling for infrastruktur og veg søkjer mellom anna etter juristar, HR-rådgjevarar, byggeleiarar og vegplanleggarar.
– Vi arbeider no med å bygge opp ein solid og kompetent vegadministrasjon, som skal løyse oppgåvene på fylkesvegane. Dei som blir tilsette får store moglegheiter til å vere med å påverke og utvikle, seier Dina Lefdal, påtroppande direktør for infrastruktur og veg i Vestland fylkeskommune.
Oppgåvene til avdelinga er å
- planlegge, bygge ut, drifte og vedlikehalde om lag 5600 km fylkesveg
- ivareta fylkeskommunen sine forvaltningsoppgåver som vegeigar
- samordne aktørar med ansvar for trafikksikring i fylket
- ivareta heilskapleg utbygging av transportinfrastruktur i arbeidet med Nasjonal transportplan
- ha naudsynt beredskap i samband med hendingar på vegnettet