Helse- og oppvekstfag utdannar deg til å jobbe med menneske.
Første året lærer du korleis du skal gi omsorg og støtte til menneske som treng hjelp. I tillegg vil du få grunnleggande teoretiske kunnskapar om kroppen si oppbygging og funksjonar, sosialfag, førebyggande helsearbeid, kostlære, hygiene og førstehjelp.
Flora vgs. har to klassar med 15 elevar i kvar på Vg1. Helse- og oppvekst er samlokalisert i ei eiga avdeling på bygget med stue, kjøkken og andre fagretta rom. Allereie første året får elevane prøvd seg i arbeidspraksis slik at dei skal bli tryggare på kva retning ein bør velje vidare.